Kan gi betre behandling av brystkreft

Per Eystein Lønning og Stian Knappskog ved Mohn kreftforskningslaboratorium har bidratt til å danne grunnlaget for det som i framtida kan kurere brystkreft-pasientar med spreiing.

 

​Med eit massivt prøveomfang har dei to forskarane kartlagt kva som skjer frå ein pasient får brystkreft, til kreften spreier seg til andre organ i kroppen.
Dette har aldri vore gjort tidlegare, og vil på sikt kunne bidra til å ta knekken på sjukdommen, som no i dei fleste tilfelle ikkje kan kurerast.

Lønning og Knappskog er saman med dei britiske forskarane Lucy Yates og Peter Campbell, hovudforfattarane bak ein forskingsartikkel som tysdag vart publisert i tidsskriftet Cancer Cell.

I samme nummer av Cancer Cell var det ein eigen kommentatorartikkel
som diskuterte betydninga av funna.

VG har skrive meir om forskinga.