Kan du vere smitta av det nye coronaviruset?

Lurer du på om du er smitta, ta kontakt på telefon: 116 117. Her får du vidare oppfølgjing. Du bør ikkje oppsøkje eller ta kontakt med sjukehuset direkte.

 

​Mistanke om smitte skjer dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, tung pust, feber) og i tillegg har vore i eit område der det er kjent smittespreiing med coronaviruset. Det kan og vere aktuelt å teste deg dersom du har symptom på luftveigsinfeksjon og har hatt nærkontakt med nokon som allereie har fått påvist coronavirus.

  • Testinga vil i hovudsak skje på sjukehus ved hjelp av ei enkel undersøking med pensel i nase og hals. Svaret på prøven vil vere klar seinast innan eit døgn.
  • Om testen er positiv vil vidare tiltak vere avhengig av tilstanden til den som er smitta. For personar som har lette symptom, kan det vere aktuelt å isolere seg i eigen heim. Personar som treng behandling på sjukehus, vil bli lagt på isolat inne på sjukehuset.

Meir informasjon