Julestjerne for håp og omtanke

Denne jula får ikkje Rebecca Island (35) vere den mammaen ho pleier å vere. Kreftforeningens julestjerne-aksjon er ei påminning om at ho ikkje er åleine.

- Det såre er ikkje det at eg må vere så mykje på sjukehuset. Men heile situasjonen. At eg ikkje kan vere den mammaen eg ønsker å vere i juletida, seier Rebecca Island (bildet).

Kreftpasient Rebecca Island

Rebecca Island. Foto: Hilde Kleppestø



35-åringen fekk på nytt den vonde kreftbeskjeden for litt over 3 månader sidan. Til no har ho hatt 8 tøffe cellegift-kurer. Om det blir fleire før jul, veit ho ikkje endå.

-  Vi pleier å bake pepperkaker og lage julestemning heime. Eg håper å få vere med på noko av dette, seier Island.

Julestjerne-aksjon

Kreftforeningen starta sin julestjerneaksjon i 2012 for å vise omtanke for Rebekka og dei mange pasientane som må gjennomgå tøff kreftbehandling i juletida. Dei som verkeleg får kjenne på kroppen at kreft ikkje tar juleferie. Pengane som blir samla inn går til livsviktig kreftforsking. Samtidig kan du velje eit sjukehus som skal motta ei julestjerne og henge den opp som eit symbol på varme, håp og omtanke.

Rebecca Island og Mirjam Østevold, senterkoordinator på Vardesenteret

Rebecca ISland og Mirjam Østevold, senterkoordinator på Vardesenteret. Foto: Hilde Kleppestø


- Det er flott at Kreftforeningen har julestjerne-kampanjen. Både på grunn av forskinga, og fordi stjernene som blir hengt opp er ei påminning om at nokon tenker på oss som ligg her. At vi ikkje blir gløymt, seier Island.

Stjerner på 6 avdelingar

No er 6 avdelingar på Haukeland Universitetssjukehus, i tillegg til Vardesenteret, pynta med julestjerner. Både for pasientar og tilsette.

- Vi synest det er koseleg at stjerneneblir hengt opp her. Det skaper julestemning i eit elles nokså sterilt miljø, seier forløpskoordinator Annbjørg Hausken ved Nevrokirurgisk avdeling.

Annbjørg Hausken og sjukepleiarkollegaer på Nevrokirurgen.

Annbjørg Hausken (framme) saman med kollegaene Sara Laastad, Tonje Halvorsen, Kristin Sjåstad, Malene Alsaker og Therese Vetås på Nevrokirurgen.

Korleis pasienten tar beskjeden om å måtte tilbringe juletida på sjukehuset, varierer naturleg nok mykje.

- Nokon synest det er veldig leit. Dei fleste synest likevel det går heilt greit. Dei ser at dei ikkje er i stand til å vere heime likevel, seier Hausken.

Haukeland er elles det sjukehuset som får flest stjerner på landsbasis, og har vore med på Kreftforeningens stjerneaksjon sidan oppstarten.

70 sjukehus

I år skal rekordmange 70 sjukehus henge opp dei kvite stjernene, gitt av folk over heile landet. Til saman vil dei pynte opp over 10 000 sjukehusvindauge og korridorar.

- Ei stjerne i vindauga gjer ikkje frisk. Den fjernar ikkje alt som er vondt og vanskeleg. Den viktigaste bodskapen med stjerna er det som står skrive på ho: «Det er mange som tenkjer på deg». Du viser omtanke og deler glede ved å sende ei stjerne til dei som må tilbringe jula på sjukehus, i tillegg til å gi håp ved å støtte kreftforsking, seier Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforeningen i Hordaland.

I fjor blei 3,3 millionar kroner samla inn til forsking gjennom aksjonen, noko som blei ny rekord.

Les og lær meir om Kreftforeningen sin julestjerneaksjon