I forkant av avgjersler knytte til nye metodar, blir det gjennomført det grundige vurderingar av metode, kostnadar og helsegevinst for pasienten.
Dersom det kjem nye opplysningar (om pasienttryggleik, kostnadseffektivitet, pris, biotilsvarande/generika, overlevingstall m. m.) som endrar resultatet vesentleg, vil avgjersla kunne vurderast på ny.
Kreft i skjoldbruskkjertelen
Det er bestemt at legemiddelet lenvatinib (Lenvima) blir innført for behandling av vaksne pasientar med tilbakevendande kreft i skjoldbruskkjertelen, som ikkje responderer på strålebehandling.
Det er vurdert at 10-20 pasientar årleg vil kunne dra nytte av denne behandlinga av kreft i skjoldbruskkjertelen.
Beinmargskreft
Legemiddelet ixazomib (Ninlaro) er i kombinasjon med deksametason og lenalidomid blir innført for behandling av refraktær eller residiv myelomatose (beinmargskreft) etter minst tre tidlegare behandlingar.
Legemiddelet kan takast s i bruk frå 1. februar 2020.
Klinikarar har gitt ulike anslag for kor mange pasientar som kan vere aktuelle for bruk av denne behandlinga av beinmargskreft. Anslaga varierer frå færre enn 25 til inntil 90, avhengig av i kva omfang pasientane er blitt behandla med lenalidomid tidlegare.
Les heile saka på nyemetoder.no
Mediekontakt
Media kan kontakte Tor Harald Haukås på telefon 934 98 136 for å avtale intervju med leiar i Beslutningsforum for nye metoder, Stig A. Slørdahl.
Andre spørsmål til Beslutningsforum for nye metoder kan sendast på e-post til postmottak@helse-midt.no