HELSENORGE

Inviterer til open dag på sjukehuset i Sandviken

Sjukehuset i Sandviken fyller 125 år i 2016 og inviterer til open dag sundag 2. oktober kl. 11-16 for å vise korleis sjukehuset blir drive i dag. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.

Oversiktsbilde av sjukehuset i Sandviken

I anledning 125-årsmarkeringa, Verdensdagen for psykisk helse og for å bidra til meir openheit kring psykiske lidingar, inviterer Psykiatrisk klinikk alle interesserte til ein familievennleg open dag.

Denne dagen blir det:

• Diverse miniforelesningar i auditoriet om psykisk helse

• Utstilling om sjukehusets historie

• Presentasjon av dagens behandlingstilbod i psykisk helsevern i eiga utstilling

• Sjukehusklovnane kjem, og det blir barnerom med filmvising

• Servering av bollar/vaflar og kaffi i kantina

• Lansering av jubileumsboka «Stemmer fra Sandviken»

• Demonstrasjon av psykiatriambulansen

• Musikalske innslag frå musikkterapiavdelinga, der mellom anna bandet Soul Party lanserer CD-plata si denne dagen. Her kan du få ein smakebit med låta "No more sad times"


Vi ønsker alle hjarteleg velkommen!