Innkøyringa i Sentralblokka nord opnar 10. mai

Mandag 10. mai opnar innkøyringa nord i Sentralblokka for køyrande og gåande. Inngangen har vore stengt på grunn av bygginga av Glasblokkene trinn 2 sidan hausten 2019.

Kart som viser innkøyring i nord

Innkøyringa inn og ut av p-dekket i nord i Sentralblokka (merka med grønt på figuren) opnar på mandag. I tillegg er det laga midlertidig fortau for mjuke trafikantar til same inngang.

Når vegen forbi Verkstedsbygget blir opna i juni (merka med oransje), vil permanent fortau vere på plass og det vil bli opna for trafikk bak mot Laboratoriebygget.