Bygginga av del to av
Glasblokkene er i full gang. Som ein del av det
totale arbeidet med å smelte saman Glasblokkene og Sentralblokka skal mykje
infrastruktur - blant anna transportbånd og ny gangtunnel mellom dei to bygga på
plass.
- Dette arbeidet vil dessverre innebere at vi må stenge innkøyringa i
nord.
All biltrafikk inn og ut av parkeringsdekket i Sentralbokka må derfor skje
i sør. Gåande og syklane kan heller ikkje komme inn her, seier programleiar for
Glasblokkene, Helge Bergmann.
Stenginga skal i utgangspunktet vare til 31.12.20.
Situasjonen vil bli ganske lik som den var då innkøyringa var stengt ei veke i veke 43 i haust. Det vil seie at det då heller ikkje vil vere
mogeleg å køyre inn i nord til andre bygg aust for Sentralblokka - som UiB sine bygg,
sjukehusapoteka og Verkstedsbygget til Haukeland.
Entrepenøren vil skilte til innkøyringa i sør. Det skal og settast ut
trafikkdirigentar som skal handtere endringa.