Innhaldsrik vår på Vardesenteret

Ernæringskurs, kurs i mindfulness og mediyoga er nokre av aktivitetane Vardesenteret tilbyr i månadene framover.

Senterkoordinator Mirjam Østevold, klinisk ernæringfysiolog Anita Helland og psykologspesialist Silje Bremerthun gler seg til våren på Vardesenteret.

​Allereie no i februar startar Vardesenteret sin psykologspesialist Silje Bremerthun opp eit nytt kurs i mindfulness.

- Kurset skal gi pasientar eller pårørande kunnskap om kva mindfulness er, og korleis ulike mindfulness-teknikkar kan hjelpe til å meistre ulike utfordringar og belastningar dei opplever, fortel Bremerthun.
-Mindfulness kan hjelpe deg til å vere til stades her og no, og redusere stress.

Kan rettleie og inspirere

Også Vardesenteret sin kliniske ernæringsfysiolog Anita Helland tilbyr kurs for pasientar og pårørande. Utover våren skal det vere to ernæringskurs i regi av Vardesenteret. Her kan du få mellom anna få hjelp til å finne ut kva du skal tru på i jungelen av gode kosthaldsråd.

- Det finst svært mange råd der ute som gjeld kosthald og kreft, og mange opplever at dei får til dels motstridande informasjon, noko som kan opplevast forvirrande, seier Helland.

- Då kan dei kome her og få rettleiing og gode tips. Vi ønskjer også å inspirere alle til å lage god og næringsrik mat.

I tillegg kommer Helland til å halde eit kortare, 2-timars kurs for dei som slit med matinntaket. Der blir det tips om beriking og om korleis gjere maten meir kalori- og proteintett.


I mars starter det populære mediyoga-kurset opp igjen, med Kjersti Kleppestø Walde tilbake som kurshalder.
- Plassane har allerede begynt  å bli fyllt opp, så her er det om å gjere å vere om seg, seier senterkoordinator på Vardesenteret, Mirjam Østevold.

I tillegg til å halde kurs, tilbyr både psykologspesialist Bremerthun og ernæringsfysiolog Helland samtale med pasientar og pårørande på Vardesenteret. Det same gjer Østevold, som er familieterapeut.


Kreftkoordinator to dagar i veka

Østevold er glad for at Vardesenteret sine tilsette kan tilby både kurs og samtalar. Ho er også svært fornøgd med å ha kreftkoordinator på plass to dagar i veka, både måndag og torsdag.

- Vi set stor pris på å kunne utvide samarbeidet med kreftkoordinatorane her på Vardesenteret, understrekar ho.

- Dette tilbodet gjer at pasientane får knytte kontakt med kommunehelsetenesta mens dei er på sjukehuset, og er eit flott eksempel på samhandling i praksis. Vi håper at mange avdelingar ser verdien i dette tilbodet!


Det er no eitt år sidan kreftkoordinatorar frå Bergen kommune begynte å vere på Vardesenteret frå kl. 09.00 til 14.00 kvar måndag. Det er 3 kreftkoordinatorer som fordeler ansvaret på desse dagane.
I januar 2019 vart tilbodet utvida med kreftkoordinator tre av fire torsdagar i månaden i tillegg. Då kjem kreftkoordinatoren anten frå  Nordhordalandskommunene, Austevoll, Fjell eller Sund.

Kreftkoordinatorane er først og fremst eit lågterskel-tilbod, kor både pasient og pårørande kan få tid til samtale om det dei måtte ønske og har behov for.                                                                                                                            Dei skal ha oversikt over relevante tilbod og tenester, både kommunale, frivillige og ikkje-kommunale. Dei kan også gi informasjon, råd og rettleiing knytt til alle fasar av eit sjukdomsforløp. 


- Vi skal vere oppdaterte, halde oss a jour, seier Ester Marie Weløy, som er kreftkoordinator i Bergen kommune.

- Og om vi ikkje alltid har eit svar der og då, kan vi undersøke eller tipse om kor dei kan henvende seg for å få hjelp, guide dei vidare. Dette er ein uformell arena, der terskelen for å ta kontakt skal vere låg.


Godt besøkt

Talet på besøkande hos Vardesenteret har auka jamt og trutt sidan starten i 2014. I 2018 hadde Vardesenteret nesten 15 000 møte med kreftramma pasientar og pårørande.

- Dei fleste møta var på Vardesenteret, men også via frivillig innsats på post og på pasienthotellet, fortel Østevold.

På Vardesenteret er det to frivillige på vakt mellom kl. 9.30- og 14.30 kvar dag. Det er desse du møter når du kjem innom. Likepersonar og jurist er også på senteret faste vekedagar.

I tillegg ønskjer Østevold å trekkje fram representantane frå Montebello, som er til stades eit par gonger i månaden.

- Dei har god erfaring frå å nytte seg av kursopphald, og kan gi god informasjon om tilbodet ved Montebello. Dersom du ønsker hjelp til å fylle ut søknadspapira kan dei også hjelpe til med det.

Østevold gler seg til ein innhaldsrik vår.
– Eg håper og trur at alle vil kunne finne eit tilbod som passar for dei. Vi har forsøkt oss fram sidan starten, og eg trur vi har fått ein oversikt over kva behov vi kan dekke, seier ho.