Ingrid klar for å sykle VM på heimebane!

Ingrid Andersen Moe (32) har eit heilt anna talent enn det ho nyttar seg av som spesialkonsulent i økonomi- og finansavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Laurdag 23. september stiller ho til fellesstart for kvinner i sykkel-VM.

Hugs å heie: Ingrid Andersen Moe syklar VM på heimebane laurdag 23. september. Foto: Jakub Trmal

​– Eg kan med handa på hjartet seie at det ikkje har gått opp for meg kor stort dette faktisk er. Eg trur det kjem til å bli utruleg gøy og hardt å få køyre fellesstarten, så det vil vere ei stor støtte å ha heimepublikummet på plass langs løypa, seier Moe.

Bratt læringskurve

Sjølv om ho er godt over 30 år, har Moe ikkje vore ein del av sykkelsporten i meir enn dei tre siste åra.

- Eg starta å sykle aktivt etter nokre treningsturar med kjærasten min som meinte at eg hadde bra kraft i beina. Han lurte på om eg ville prøve meg i ritt på moro skuld. Eg testa nokre lokale ritt, og prøvde meg etter kvart på eit Noregscup-ritt for å sjå korleis eg låg an samanlikna med den norske eliten. Etter det bestemde eg meg for å sjå kor langt eg kunne klare å komme med strukturert trening, forklarar ho.

Etter det har det gått slag i slag. I 2016 hadde ho sine første landslagoppdrag, og tidlegare i år vann ho Noregscupen samanlagd.

- Eg har hatt ei bratt læringskurve, og det at eg stadig har nådd nye høgder har motivert meg heile vegen, seier Moe.

Jobb og trening pregar kvardagen

I tillegg til fulltidsstilling på Haukeland trener ho alt i frå 10-25 timar i løpet av veka. Det betyr at det ikkje er tid til så mykje anna.

- Når eg vier sykkel så mykje tid så går jo det ut over alt anna. Å vere sosial blir det sjeldan tid til, eg må som regel prioritere og kvile når eg har tid til overs. Dersom ein skal hevde seg i sykkelsporten må ein legge ned tid.

Målet er medalje!

Noreg stiller med seks ryttarar i fellesstart for kvinner, og Moe si rolle blir å vere hjelperyttar.

- Det vil seie at eg skal hjelpe den/dei vi køyrer for sånn at dei sparar mest mogeleg krefter. Eg er klar for å ofre meg og gje det eg kan for at vi får det best mogeleg til. Det er eitt sterkt startfelt , men vi siktar høgt. Målet for Noreg er medalje, seier Moe.