Inger Cathrine Bryne blir ny direktør for Helse Vest RHF

Styret i Helse Vest har tilsett Inger Cathrine Bryne som ny administrerande direktør i eit ekstraordinært styremøte i dag.

- Mine gratulasjoner er sendt til Inger Cathrine med ønsker om godt samarbeid. I tillegg har eg invitert ho til Bergen for at ho kan bli bedre kjent, og for dialog om samarbeidet framover, seier vår administrerande direktør, Eivind Hansen.

 Inger Cathrine Bryne_admdirhelsevest_ny.jpg

- Eg er glad for å få denne moglegheita, og eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle gode og likeverdige spesialisthelsetenester for befolkninga på Vestlandet, seier Inger Cathrine Bryne.
 
- Eg ser fram til å leie utviklinga av føretaksgruppa i Helse Vest saman med ein svært kompetent organisasjon i det regionale helseføretaket. Samstundes gler eg meg til å bli endå betre kjend med dyktige medarbeidarar i alle føretaka, og til samarbeid om fag og forsking, HMS, kvalitet og pasienttryggleik, både mellom føretak og fagmiljø og, ikkje minst, med kommunehelsetenesta.
 
Styreleiar i Helse Vest RHF, Einar Strømsvåg, er nøgd og seier at styret er særs glad for at Inger Cathrine Bryne har takka ja til stillinga som administrerande direktør.
 
- Ho har erfaringa, kompetansen og engasjementet som skal til; ikkje berre for å drive god og sikker styring av føretaksgruppa, men også for å leie utviklinga og fornyinga som må til framover, seier han.
 
Inger Cathrine Bryne er i dag administrerande direktør i Helse Stavanger HF. Ho er utdanna sjukepleiar frå Stavanger Røde Kors Sykepleierhøgskole, og har ein Executive Master of Business Administration (MBA) frå Norges Handelshøyskole (NHH). I perioden 2004 til 2011 hadde ho fleire leiarstillingar ved Sørlandet sykehus, mellom anna som klinikksjef ved kirurgisk klinikk. I 2011 gjekk turen heim til Stavanger og stillinga som divisjonsdirektør ved Kirurgisk divisjon. Bryne var fungerande administrerande direktør frå hausten 2014, og har vore tilsett som administrerande direktør i Helse Stavanger HF frå 2015.
 
Inger Cathrine Bryne byrjar i stillinga i Helse Vest RHF 23. mars i år.
 
Noverande direktør, Herlof Nilssen, har ønskja å gå av som administrerande direktør og går då over i ei anna rolle i organisasjonen.