Inga ventetid for nettbasert angst- og depresjonsbehandling

Det kan ta lang tid å komme til i tradisjonell samtalebehandling for dei som har angst- og depresjonslidingar. Men dersom du kunne tenke deg å prøve internettbehandling, kan du få hjelp i løpet av nokre veker.

Emeistring tilbyr hjelp til deg som slit med angst og depresjon.

- Vi har inga ventetid, og dei som har krav på offentleg helsehjelp, kan gå i gang med behandling hos oss i løpet av eit par veker. Det seier Kjersti Skare som leiar terapeutstøtta internettbehandling i Helse Bergen.


Klinikken ligg fysisk i lokala til Bjørgvin DPS på Tertnes, men pasientane kjem frå heile opptaksområdet til Haukeland universitetssjukehus og Helse Bergen. Terapiforma heiter eMeistring, og tilbyr hjelp til folk med panikkangst, sosial angst og depresjon. Behandlinga tar ca. 14 veker, og er nettbasert, men Kjersti Skare påpeikar at alle pasientane får sin eigen behandlar som følgjer dei gjennom heile behandlingsopplegget.


Får din eigen behandlar

- Når du får innkalling til første time, vel du om du ønsker å treffe behandlaren din fysisk ved oppmøte, eller om du heller vil ha videokonsultasjon. I denne første samtalen kartlegg vi symptom og snakkar om behandlinga. Når du så går i gang med behandlinga, har du kontakt med behandlaren din ein til to gonger i veka – i hovudsak skriftleg inne i behandlingsportalen. Men det er òg mogleg å få snakke med behandlar om det skulle vere behov for det. Behandlinga blir avslutta med ein samtale med terapeuten, seier Skare.


Du kan ta direkte kontakt

Bur du i Bergensområdet, treng du ikkje gå via fastlegen for å få behandling gjennom eMeistring. Du kan gå inn på heimesida til eMeistring og der klikkar du på link til «Søknad om eMeistring». Søknaden din kjem til inntaksteamet som vurderer om du får innkalling til time eller avslag på søknaden om behandling.
- Dette er ei behandling som krev stor grad av eigeninnsats, men som pasient blir du godt følgt opp av ein behandlar som følgjer deg gjennom heile behandlinga. Du vel sjølv når og kvar du ønsker å jobbe med behandlinga, seier Kjersti Skare.


Helse Bergen var først ute med å tilby eMeistring i 2013. Det blir no jobba med å etablere tilbodet i resten av helseregion Vest.

Les òg denne saka som NRK har skrive om eMeistring:
No får fleire tilbod om angstbehandling på nett – NRK Vestland