Informasjon om timeavtale og besøk i Helse Bergen

Under koronavirus-epidemien har vi hatt strenge rutiner for smittevern for å hindre at du blir smitta eller kan smitte andre i våre lokaler. Epidemien er no under kontroll i Noreg og sjukehusa lettar på besøksforboda. Fleire pasientar kan derfor få besøk medan dei er innlagt eller ha med følge til polikliniske konsultasjonar. Vi må framleis tenke på smittevernet, og eit viktig tiltak er eit spørjeskjema til alle pasientar om korona.

Information in English and other languages 

Før du kjem til timen, vil vi kartlegge om du kan vere smitta av koronaviruset. 

Fyll ut skjema på helsenorge.no

Vi ber deg om å fylle ut skjemaet under, 3 dagar før timen. Du vil få tilsendt lenke til denne sida på SMS. 

Fyll ut skjema på helsenorge.no

Dette krev at du har oppretta brukar på helsenorge.no og at du har gitt fullt samtykke.

Dersom du ikkje kjem inn på eller får til å fylle ut skjemaet, må du ringe avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev) eller sentralbordet (telefon 55 97 50 00). 

Du treng ikkje svare på skjemaet når du skal ha telefon- eller videokonsultasjon. 

Kontrollspørsmål når du kjem til timen
Når du møter opp til timen vil vi stille deg, og eventuelt din følgjeperson, dei same kontrollspørsmåla ein gong til. Dette gjer vi for å førebygge at koronavirus-smitten kjem inn i lokala våre, og for å gjere det tryggast mogleg for alle våre pasientar.
Her er spørsmåla (pdf) 
  • Dersom du svarer nei på alle spørsmåla vil timen bli gjennomført som planlagt.
  • Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av spørsmåla, vil ansvarleg behandlar (lege, psykolog eller annan) vurdere om du skal få gjennomført timen, eller om den må utsetjast.
  • Dersom behandlaren meiner at timen kan gjennomførast ved telefon eller video, vil du få tilbod om dette.

Treng du følgje til timen?

Helse Bergen lettar på besøksforbodet frå 6. juni 2020. Samstundes må vi framleis ha restriksjonar for å hindre at verken pasientar, tilsette eller besøkande blir smitta eller kan smitte andre i våre lokale. Dei besøkande må framleis ta kontakt med aktuell avdeling for å planlegge besøket. 
 
Les meir om reglane for besøk her

Møt presis til timen din

Det er viktig at du møter presis til timen din. Du må berekne god nok tid til å finne fram og svare på spørsmål, men ikkje kom alt for tidleg heller. Vi ber deg heller ikkje komme for seint, så vi kan unngå forseinkingar og unødvendige avbrot i behandlinga. 

Dersom timen blir utsett

På grunn av koronavirus-epidemien kan timen din bli endra. Du vil då bli kontakta av oss per telefon eller brev. Dersom du er uroleg eller opplever forverring i tilstanden din medan du ventar på ny time, må du ta kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrev), eller med fastlegen din.

Konsultasjon per telefon eller video kan erstatte fysisk time

For deg som ikkje treng fysisk oppmøte for å få behandling, kan timen gjennomførast per telefon eller video. Du vil få nærmare informasjon om dette dersom det er aktuelt.

Meir informasjon

Sjå oppdatert informasjon om korona-situasjonen på våre nettsider helse-bergen.no/korona