HELSENORGE

Informasjon om timeavtale og besøk i Helse Bergen

Her finn du informasjon om timeavtaler og besøksreglar på sjukehuset. 

Smittepresset i samfunnet rundt oss aukar i vintersesongen, men vi har høg vaksinasjonsgrad og gode grunnleggande smittevernrutinar i sjukehusa. Det er derfor mindre behov for eigne, forsterka smitteverntiltak. Dette er i tråd med FHI sine oppdaterte råd til spesialisthelsetenesta og regjeringa sin langsiktige strategi for normalisering av korleis vi forheld oss til og handterer covid-19:



Munnbind 
Det er ikkje ei overordna nasjonal anbefaling om bruk av munnbind for pasientar som skal til poliklinisk time. Det same gjeld følge og besøkande i sjukehuset.
Men besøkande blir oppfordra til å halde seg heime ved sjukdom. I dei tilfella der besøkande har luftvegssymptom, men besøk likevel blir vurdert som nødvendig, blir det oppfordra til at besøkande nyttar munnbind. ​

Det finst framleis pasientar og besøkande som er uroa for eiga eller andre si helse i samband med luftvegsvirus, og dei som ønskjer munnbind kan sjølvsagt framleis bruke det, uavhengig av om dei har luftvegssymptom eller ikkje.

Det er ikkje ei nasjonal anbefaling for tilsette om bruk av munnbind i all pasientkontakt. Våre tilsette følgjer Helse Bergen sine overordna retningslinjer for bruk av munnbind i pasientnært arbeid.​
​​

​Følgje

Pasientar som har behov for det kan ha med seg ein person ved polikliniske konsultasjonar eller når dei møter til innlegging. Barn og unge kan ha med seg begge føresette på poliklinisk konsultasjon, men ved innleggingar må dette avtalast individuelt med avdelinga.

Besøk

Pasientar som er innlagde på sjukehuset kan få besøk, og sjukehuset skal legge til rette for dette. Vi oppmodar generelt pasientar og pårørande til å vurdere om besøket kan vente til pasienten kjem heim. 

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00 alle dagar. 


Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:

  • Du må vere frisk for å kome på besøk
  • Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
  • Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene
  • Du bør helst kome i visit​tida​, men kan óg kome til andre tider etter avtale med avdelinga