HELSENORGE
Sentralblokka rehabiliterast

Hovudinngangen til Parkbygget midlertidig stengd

Sentralblokka på Haukeland skal rehabiliterast. For å frakte ut og inn bygningsmateriale vert det no etablert eit riggområde utanfor blokka. Hovudinngangen til Parkbygget vert i denne samanheng stengd i om lag 2 månader frå måndag 21. februar. 

Sentralblokka vart bygd på 70-tallet, og står no framfor ei omfattande rehabilitering. I første runde er det poliklinikkane i første og andre etasje som skal fornyast, før også sengepostane i etasjane over skal byggast om. 

byggerigg

Byggeriggen sett frå forplassen ved Gamle Hovudbygg.

​- Arbeidet skal gjennomførast parallelt med drift og utan å stenge ned større områder. For å få frakta ut rivningsavfall og få inn nye materialar og utstyr, vert det difor etablert eit riggområde på utsida av blokka, seier leiar for prosjektkontoret i Helse Bergen geir Egil Pedersen. 


Alternativ​e inngangar 

I samband med etableringa av riggen vert hovudinngangen til Parkbygget (bygg nr 16) stengt i omlag to månader frå måndag 21. februar. 

Det vil bli to alternative inngangar i denne perioden:  


Kvardagar frå kl 07:00 til kl 18:00


Pasientar nyttar inngangen til gangtunellen under Marie Joys hus (bygg nr 36), sjå rød ring:
 
kart 1
Her vil det bli etablert oppstillingsplassar for taxi, og det vil være skilta inn til Parkbygget. To vektarar vil også være på plassen for å bistå ved behov. Følg gangtunnelen, det vil være skilt med «Parkbygget» der ein skal ta inn til venstre og inn i Parkbygget.

Etter kl 18:00 og helg

Alle pasientar kjem via Sentralblokka. Her kan man henvende seg i resepsjonen og få hjelp med kor ein skal gå. Det vil være ei ringeklokke ved inngang til Parkbygget frå tunell i U. etasjen.

Dersom du parkerar i Sentralblokken:
Gå inn i resepsjonen i Sentralblokken, ned i U. etasjen og følg skilting til «Parkbygget». 

Dersom du kjem med buss: 
Gå av på busstopp: Haukeland sjukehus sør (vist på kart under i Haukelandsveien). Følg blå gangsti opp til Sentralblokken og gå inn i resepsjonen, ned i U. etasjen og følg skilting til «Parkbygget».  

Dersom du kommer frå Pasienthotellet: 
Bruk tunnelsystemet, følg skilting «Parkbygget». Om du ønsker å gå ute, sjå kart over med rød ring for inngang i Marie Joys hus (før kl 18). 

Telefon til Hospitaldrift Sikkerhet dersom du ikkje finn fram er 55 97 20 04. 

kart 2
 
Bygg nr 16 er Parkbygget, her er det merket med eit rødt kryss ved hovudinngangen da denne blir stengt. 

Bygg nr 36 er Marie Joys. Her blir midlertidig inngang på dagtid frem til kl 18. Markert med rød ring.

Det er også byggearbeider mellom bygg nr 12 (Gamle Hovedbygg) og Sentralblokken. Derfor er det også her satt ett rødt kryss på kartet. 


Langvarig arbeid 

Rehabilitering av poliklinikketasjane skal pågå fram til 2026. Etter dette er det sengeetasjane over som står for tur. 

- Vi set no i gang eit omfattande arbeid som vil pågå i mange år. Målet er å gjennomføre arbeidet med minst mogeleg påverknad på drifta på sjukehuset. Då er det viktig at riggområde no kjem opp slik at rive- og byggearbeid kan skje utan at det rammar pasientar og tilsette i stor grad, seier Pedersen. 

Riggen kan bli ståande i ca 10 år.