- Dette betyr at pasientane igjen får transport av helseføretaket og slepp å legge ut for reise med rekvisisjon sjølve, for så å søke dekning av utgifter i etterkant, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland, Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.
Det er inngått nye avtalar om køyring av pasientreiser i følgande område:
Austevoll kommune, tidlegare Fusa kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), Osterøy kommune*, deler av Kvinnherad kommune (Ølve og Hatlestrand) *, Kvam kommune, Gulen kommune, Masfjorden kommune, Alver kommune og Austrheim kommune.
* I området Ølve/Hatlestrand (Kvinnherad kommune) og Osterøy kommune er det avtale om køyring i tidsperioden 06.00 – 18.00 – alle dagar. For Osterøy er det tildelt kontrakt, men avtalen er ikkje signert. Det er forventa oppstart 6.april.
For dei andre områda har helseføretaket avtale om køyring heile døgnet.
- Ved overgang til nye avtalar vil vi sørge for at reiser som alt er rekvirert blir ivaretatt og sendt over til transportør, opplyser Høiland.
- Og vi har blitt einige med dagens transportørar om å fortsette noverande praksis inntil dei nye avtalane trer i kraft.
Sjå status for dei ulike områda/kommunane
Følgande kommunar/område er fortsatt utan avtale om køyring av pasientreiser:
I Samnanger kommune, Vaksdal kommune og Modalen kommune står Helse Bergen utan avtale. Inntil vidare fortset noverande praksis her.
I tillegg vil området Ølve/Hatlestrand (Kvinnherad kommune) og Osterøy kommune vere utan avtale om køyring kveld og natt (mellom kl.18.00 og kl.06.00).
Følgande kommunar/område er ikkje berørt av nye avtalar, her har Helse Bergen avtale om køyring av pasientreiser frå før:
Tidlegare Os kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), Fedje kommune, Voss kommune, Bergen kommune, Askøy kommune og Øygarden kommune.
I Ulvik kommune er det avtale om køyring ut av kommunen heile døgnet, og i kommunen på kvardagar mellom kl.0600 og 18.00.