Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Bergen får føretaksstraff etter feilmedisinering

Helse Bergen er ilagt føretaksstraff ved eit førelegg på 1,6 millionar kroner etter at ein pasient døydde av feildosering av cellegift i juni 2020.

Publisert 06.07.2022
Sist oppdatert 28.07.2022

​Politiet var ferdige med etterforskinga av hendinga på Kreftavdelinga hausten 2020, og no har statsadvokaten kome med si avgjerd i saka. Helse Bergen er ilagt føretaksstraff ved eit førelegg på 1,6 millionar kroner.

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen har akkurat blitt gjort kjent med statsadvokaten si avgjerd og tar den på største alvor. 

-  Vi er svært leie oss for utfallet av denne hendinga og den tragedien det har vore for dei pårørande, seier Hansen.

Han har førebels ikkje fått høve til å gå gjennom heile grunnlaget og prinsippa statsadvokaten si avgjersle byggjer på.

- No skal vi sette oss grundig inn i statsadvokaten si avgjerd, seier han. 

Krevjande for m​​​ange 

Pasienten døydde 29. juni 2020, som følgje av skadane han fekk etter å ha fått ei for høg dose cellegift ei veke tidlegare. Hendinga vart meldt til Helsetilsynet og politiet.

I mars 2021 konkluderte Fylkeslegen med at helsehjelpa pasienten fekk, ikkje var fagleg forsvarleg.

Det er no over to år sidan hendinga skjedde. Den har prega mange og vore vanskeleg for fleire medarbeidarar.

- Dette er ei tragisk sak som har gått sterkt innpå oss, seier Hansen.

- Vi er opptatt av å hente mest mogleg læringsverdi ut av dette, samtidig som vi har vore opptatt av å støtte og følgje opp medarbeidarane våre på best mogleg vis. 


Sett i ve​​rk fleire tiltak

Sjukehuset har gått grundig gjennom alt som skjedde i tilknyting til feildoseringa. Ifølgje Hansen er det sett i verk fleire tiltak etter hendinga, og rutinar er endra.

- Vi vil bruke erfaringane til å unngå at liknande hendingar skal skje igjen, understrekar han.

Ein viktig føresetnad for arbeidet med oppfølging av saka har vore eit tett og godt samarbeid med Sjukehusapoteka Vest.

Sjukehusapoteka Vest er ilagt føretaksstraff ved eit førelegg på 1 million kroner.