Helse Bergen er utan avtale for pasientreiser i fleire distriktskommunar

Frå 12. oktober 2020 vil Helse Bergen vere utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i fleire distriktskommunar. Helse Bergen beklagar ulempene dette medfører for berørte pasientar. Vi håper å ha nye avtalar på plass i løpet av vinteren.

Taxi som køyrer

​For pasientar som reiser frå dei aktuelle områda/kommunane, betyr dette at dei frå og med 12. oktober må ordne med transport sjølve og legge ut for reisa, for så å søke refusjon i etterkant.

- Vi er svært leie oss for at vi ikkje lenger kan tilby pasientar alle stader tilrettelagt transport slik vi har gjort til no, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

Følgande kommunar/område er utan avtale om køyring av pasientreiser frå og med 12.oktober:

Austevoll kommune, tidlegare Fusa kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), Gulen kommune, Masfjorden kommune, Modalen kommune, Osterøy kommune, Samnanger kommune, Vaksdal kommune, deler av Kvinnherad kommune (Ølve og Hatlestrand),  Kvam kommune, Alver kommune og Austrheim kommune.

At Helse Bergen står utan avtale i desse områda, skuldast at dagens avtalar med ei rekke drosjeselskap går ut, utan at helseføretaket og drosjeselskap i dei gjeldande områda har blitt einige om nye avtalar.

I følgande kommunar/område har Helse Bergen delvis avtale om køyring av pasientreiser:

Ulvik kommune har delvis avtale frå 12. oktober.
For reiser ut av Ulvik kommune er det avtale om køyring av pasientreiser alle dagar heile døgnet.
Lokalt i kommunen er det avtale om køyring av pasientar på reiser som startar mellom kl. 06.00 og kl. 18.00 på kvardagar.  I andre tidsrom/helg/heilagdagar er det ingen avtale om køyring lokalt i kommunen.


I følgande kommunar/område har Helse Bergen avtale om køyring av pasientreiser:

Tidlegare Os kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), Fedje kommune, Voss kommune, Bergen kommune, Askøy kommune og Øygarden kommune.


Vil finne ordningar som reduserer følgene

Det blir jobba med å finne ordningar som kan redusere følgene for pasientane i perioden utan avtalar.
- Vi ser på konkrete tiltak som vil ivareta nokre av dei mest sårbare pasientane  i denne perioden, fortel Høiland.

Avdeling for pasientreiser bemannar opp sjuketransportbilane slik at det er to bilar til disposisjon gjennom kvardagane for å redusere ei eventuell meirbelastning på AMK i nærliggande område utan avtale.

Høiland understrekar også at saksbehandlingstida er kort før pasientane får refundert utlegga sine. Pasientar kan få hjelp med reiserekningsskjema i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, eller på tlf. 05515.

- Vi vil gjere det vi kan for at pasientane enkelt kan søke refusjon for reiseutgifter, men vi veit at det vil vere ei ekstra belastning for pasientar å måtte ordne transport sjølve. Også den økonomiske sida kan vere utfordrande, seier ho.

Du finn meir informasjon om endringane knytt til område utan avtale om køyring av pasientreiser på www.Helse-Bergen.no/pasientreiser


Vil bistå og rettleie

Dersom nokon har spørsmål knytt til manglande avtalar i eit område eller ein kommune,  kan dei ta  kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 eller på e-post pasientreiser@helse-bergen.no

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07-19 og laurdag kl. 09-15.

- Sjølv om vi ikkje kan bestille transport for alle lenger, vil vi bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle, seier Ann-Mari Høiland.