Heider til dei tilsette ved alderspsykiatrisk seksjon

Administrerande direktør Eivind Hansen kom med Twist og skryt til Seksjon for alderspsykiatri på Verdsdagen for pasientsikkerheit.

Eivind Hamsen sammen med Seksjon for alderspsykiatri

- Vi har forstått at de er flinke til å jobbe med pasientsikkerheit, sa Hansen til forsamlinga i Glasblokkene.

Seksjonen var tidleg ute med å ta i bruk risikotavle. Kvar tysdag samlar dei tilsette seg til tverrfaglege møte for å gjennomgå tavla.
Eininga skal også vere ei av piloteiningane i Psykiatrisk klinikk for Det grønne korset, eit hjelpemiddel for avdelingane i sjukehuset til å ha kontinuerleg fokus på uønska hendingar og nesten-hendingar. 
I tillegg har seksjonen tatt i bruk pasientsikkerheitsprogrammet Trygg pleie, der dei har gode resultat på målingane.

God pasientsikkerheit gir god ressursbruk

- ​Pasientsikkerheit er viktig for brukarane her og på heile sjukehuset. Det er kanskje det viktigaste vi tenkjer på, sa Hansen og utdjupa:

- Nokon vil kanskje tenkje at direktøren er mest opptatt av pengar, men eg trur faktisk det er sånn at viss vi tenkjer pasientsikkerheit først og kvalitet samtidig, så resulterer det i ein god og sunn ressursbruk. For dei pasientane som får ein skade, dei blir her lenger, og dei som får dårleg kvalitet på behandlinga, dei blir her lenger.

Eivind Hansen sammen med Seksjon for alderspsykiatri.

Historisk dag

17. september markerte WHO Verdas Pasientsikkerheitsdag for første gong i historia. Med markeringa vil WHO setje fokus på pasientsikkerheit og oppfordre folk til å vise sitt engasjement for å gjere helsevesenet tryggare.
Dette er ein global kampanje som tar sikte på å mobilisere pasientar, helsearbeidarar, beslutningstakarar, akademikarar, forskarar, profesjonelle nettverk og helsevesen til å ta til orde for pasientsikkerheit.

Oppfordringa frå WHO er klar, dersom du er helsearbeidar eller leiar:

• Engasjer pasientar og pårørande i behandlinga
• Jobb saman for å betre pasientsikkerheita
• Skap ein open og transparent sikkerheitskultur i helsetenesta
• Tilstreb læring på tvers av uønska hendingar
• Jobb langsiktig for å styrke kunnskap og ferdigheiter om forbetringsarbeid og pasientsikkerheit

For meir informasjon: World Patient Day 2019

Pasientsikkerheit i Helse Vest

I Trygge hender 24 - 7 skal bidra til å redusere pasientskadar og auke pasientsikkerheita i Noreg. Regionalt skal Program for pasienttryggleik i Helse Vest forbetre pasientsikkerheita i sjukehusa på Vestlandet og byggje varige strukturar for pasientsikkerheit.

-Seksjon for pasientsikkerheit, Forskings- og utviklingsavdelinga, har ansvar for å koordinere programmet og vere ein pådriver i prosessen, seier lokal programleiar Gerd Gran. Saman med medarbeidarar frå seksjonen har ho bidratt med rettledning og koordinering av innsatsområda som er innført på Haukeland Universitetssjukehus. Ho påpeikar at forbetringsmodellen gjennomgåande er brukt som verktøy for å lukkast med arbeidet.