Haukelandpsykologar på amerikansk prestisjeliste

Psykologane Gerd Kvale og Bjarne Hansen har med si firedagars behandling for tvangslidingar fått plass blant dei 50 namna på amerikanske Time Magazine si liste over dei viktigaste personane innan helse i 2018.

– Det er fantastisk at nokon frå Noreg i det hele tatt får vere med, og at det er innanfor psykiatri. Det er eit fantastisk løft for psykiatrien og tenkinga rundt det å kunne bli bra av ei psykisk liding. Dette handlar om å levere helsetenester på ein måte som aukar moglegheita for at folk kjem seg ut av dette og får livet sitt tilbake, seier Gerd Kvale til Dagens Medisin som har skrive om utmerkinga.

Dei to psykologane i Bergen har utvikla ei intensiv firedagars behandling for tvangslidingar (OCD), og kan vise til svært gode resultat. Fleire land har vist interesse for behandlinga, blant anna USA, der fleire klinikkar no tilbyr denne behandlinga.

Her kan du lese saka i Time Magazine.


Administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus er stolt over det Gerd Kvale og Bjarne Hansen har fått til.
– Her på Haukeland er vi stolte over å ha så flotte medarbeidarar i vår arbeidsstokk, og vi er glade på vegner av pasientane som får dette, seier han til Dagens medisin.
NRK har også skrive om utmerkinga.