Haukeland og Haraldsplass i gul beredskap

Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sjukehus hevar beredskapen til gult nivå. Det blei bestemt på felles beredskapsmøte tysdag morgon.

Koronasituasjonen, mange RS-sjuke born og generelt stor innstraum av pasientar og høgt sjukefråver er årsakene til at sjukehusa no hevar beredskapen.

– Vi er i ein krevande situasjon med stort press på kapasiteten vår og dei tilsette, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland. 

– Gult nivå inneber at situasjonen vi no står i må bli handtert med utvida innsats og eventuelt med ekstraordinære ressursar og tiltak, seier han vidare.

– Vi har ein rekordhøg innstraum av øyeblikkelig hjelp-pasientar, med ein høg grad av luftvegsinfeksjonar, inkludert RS og covid-19. Denne kombinasjonen med sjuke tilsette og tilsette med sjuke born gjer at vi ser alvorleg på situasjonen og går til gul beredskap.  Her samarbeider sjukehusa i Bergen for å møte det auka behovet, seier administrerande direktør Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

​Ventar endå fleire covid-pasientar

– Prediksjonen vår for innlagde covid-pasientar tyder på at vi kan få opp mot 40 innlagte covid-sjuke dei neste to vekene. Vi vil og fortløpande vurdere om vi må gå opp eit trinn i pandemiplanen vår, slik at vi etablerer eigne pandemipostar, omdisponerer personell og går ytterlegare ned på planlagd aktivitet, seier Hansen.

Haukeland og Haraldsplass jobbar tett saman for å hjelpe kvarandre når pandemien utviklar seg, for å sikre innbyggarane gode helsetenester enten dei er koronasjuke eller har andre sjukdommar. 

At sjukehusa går i gul beredskap får ikkje konsekvensar for besøksreglane. Gjeldande reglar for Haukeland ligg tilgjengeleg på www.helse-bergen.no 

​Eivind Hansen er tilgjengeleg for intervju frå klokka 13.00 tysdag. 
Kontakt Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør 901 33 771

​Kjerstin Fyllingen er tilgjengelig for intervju frå kl. 10.00.