Helse Midt og Helse Nord har allereie «gått på lufta» med dei nye sidene. I dag var det altså Haukeland og resten av Helse Vest sin tur.
- Dette er pasientens helseteneste på nett, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
- Dette er sider som set pasienten i fokus og som vil vere med å opplyse pasientane våre. Sidene er funksjonelle og dei fungerer flott på mobil og nettbrett – som jo er det folk brukar meir og meir i det daglege.
Deler informasjon mellom sjukehusa
Behandlingsinformasjonen på dei nye nettsidene skal produserast i alle helseføretaka. Alt skal kunne delast mellom sjukehusa, til beste for pasienten.
– Det betyr at den generelle behandlingsinformasjonen blir laga éin stad, og så kan kvart enkelt sjukehus flette fellesinformasjonen saman med den lokale informasjonen dei ønskjer å ha med. Dette vil forenkle oppdateringsarbeidet, og forhåpentligvis gi tydelegare og meir einsarta informasjon om det som er tilnærma like behandlingar ved ulike sjukehus, seier webredaktør Fredrik Lorentzen i Kommunikasjonsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus.
På dei nye nettsidene finst også informasjon om fag, forsking, samhandling, kompetansetenester og andre oppgåver i universitetssjukehuset, akkurat som før.
Nominert til prestisjepris
Den nye nettløysinga har alt fått ein god start. Nettprosjektet er nominert til Digital Communications Awards 2016. Blant konkurrentane finn vi gigantar som Adidas og den Europeiske sentralbanken. Digital Communication Awards heidrar prestasjonar, kampanjar og strategiar innen digital kommunikasjon. I år var det over 700 innsendte bidrag i 35 kategoriar.