Haukeland har Årets helseleder

Viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad ved Haukeland universitetssjukehus er tildelt NSHs Helselederpris for 2017. Prisen vart delt ut av statsråd Bent Høie og styreleiar Erik Kreyberg Normann torsdag 2. februar.

Anne Sissel Faugstad mottar pris fra Bent Høie
 

Det er tiande gongen den prestisjetunge prisen blir delt ut.

– Helsesektoren har eit fleirtal av kvinnelege tilsette. Derfor har sektoren også eit særlig ansvar for å rekruttere og utvikle kvinner til leiarstillingar.  NSHs Helselederpris går i år til ein dyktig helseleiar og det er ekstra hyggeleg at hun i tillegg er kvinne, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
 
– Vi i Norsk sykehus- og helsetjenesteforening (NSH) er stolte av å løfte fram nok ein kvinneleg leiar som Anne Sissel Faugstad til årets helseleiarpris, seier styreleiar i NSH, Erik Kreyberg Normann.
 
– Etter å ha snakka med mange som kjenner prisvinnaren godt, har vi fått svært gode referansar.

Anne Sissel Faugstad har vore fast stadfortreder for adm. direktør og har gjennom lengre periodar også leia verksemda. I sin rolle som viseadministrerande direktør har ho bidratt vesentleg til stabil leiing og sikra retninga på verksemda i ein periode med mykje omstilling og utvikling. Ho er analytisk og strukturert og ser både heilskap og vesentlege detaljar i tilnærminga si til sakene. Under tre ulike administrerande direktørar har ho stått for ei robust og god arbeidsfordeling i føretakets øvste leiing og sikra kontinuitet i arbeidet. I denne perioden har føretaket utvikla ein bærekraftig økonomi og økonomisk handlingsrom til å realisere viktige faglege prioriteringar og moderne, store byggeprosjekt. "Anne Sissel Faugstad har med si utøving av leiing, si evne til å skape involvering, medverknad og engasjement hatt positiv innverknad på arbeidsmiljøet i organisasjonen", heiter det blant anna i tilbakemeldingane vi har fått. Dette er rett og slett imponerande for ein leiar i ein så krevjande sektor, seier Erik Kreyberg Normann.
 
Målet med NSHs Helselederpris er å inspirere og stimulere til auka fokus på nødvendigheita av god og tverrfagleg leiing i helsetenesta. Samtidig skal prisen motivere tilsette i helsetenesta til auka interesse for leiing som eit eige fagområde.
 
 

Tidlegare vinnarar av NSHs Helselederpris:

2016 Eva Håheim Pedersen, Vestre Viken HF, Kongsberg, klinikkdirektør
2015 Karsten Popp Dideriksen, Ål kommune, kommunalsjef for helse- og sosialsektoren
2014 Øyvind Jørgensen, Kirkens bymisjon, Ammerudhjemmet bo- og kultursenter, institusjonsleder
2013 Stener Kvinnsland, Haukeland universitetssjukehus, adm. direktør
2012 Stein Kinserdal, Sykehuset i Vestfold HF, adm. direktør
2011 Liv Isaksen, Bergen kommune, Mildeheimen sykehjem, institusjonssjef
2010 Gjertrud Risnes Spillum, Ullevål servicedivisjon, divisjonsdirektør
2009 Astrid J. Eidsvik, Helse Sunnmøre HF, adm. direktør
2008 Margit Sørhus, Haukeland universitetssjukehus, Habiliterings- og rehabiliteringsklinikken, klinikkdirektør
2007 Delt mellom Karen Kaasa, Nøtterøy kommune, kommunaldirektør og Sissel Moe Lichtenberg, Stavanger universitetssjukehus, Kvinne- og barneklinikken, direktør