Haukeland får skryt etter sepsistilsyn

Haukeland har gått frå å vere dårlegast til best i klassen, sa fylkeslege Helga Arianson då ho var på tredje og siste sepsistilsyn på Akuttmottaket ved Haukeland universitetssjukehus nyleg.

I september 2016 hadde Statens helsetilsyn eit nasjonalt tilsyn på sjukehusa som gjaldt behandlinga av blodforgifting (sepsis) ved norske akuttmottak.  Det vart funne avvik i rapportane på elleve av elleve sjukehus, og Haukeland var blant sjukehusa som fekk kritikk.  Etter eit tredje tilsyn i november i år, er fylkeslege Helga Arianson så fornøgd med utviklinga på Haukeland at vi som landets første sjukehus slepp vidare tilsyn.

- Eg var svært tydeleg då eg sa at de var dårlegast i klassen i Helse Vest etter første tilsyn. Derfor er det desto meir gledeleg å kunne slå fast at de no er best i klassen. Vi ser at de har tatt tak i dette og jobba hardt. Eg er imponert. Det er ikkje ofte vi ser så store positive endringar, seier Arianson.
 

God, tverrfagleg innsats

-Dette er flott å høyre, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
- Det viser at det er nyttig med tilsyn som set søkelys  på kjerneverksemda vår.

Hansen framhevar den gode og tverrfaglege innsatsen frå medarbeidarar på alle nivå.

-Her har det blitt jobba godt med både opplæring, oppfølging og forbetring av rutinar. Siste tilsyn viser at tiltaka verkar, noko som ikkje minst gir gode resultat for pasientane, understrekar han.

Hansen understrekar samtidig at vi ikkje må kvile på laurbæra, men halde trykket oppe slik at dette blir ei varig forbetring. Han ønskjer fylkeslegen velkomen tilbake på oppfølging.

- Slike tilsyn skjerpar oss og gir oss viktig læring. Vi skal bruke erfaringane frå denne prosessen og ta dei med oss vidare for å gjere sjukehuset vårt endå betre, seier han.
 

Glad for friskmelding

Også klinikkdirektør Anne Taule på Mottaksklinikken er fornøgd med «friskmeldinga» frå fylkeslegen.

- Vi trudde vi var gode, men tilsynet viste at vi hadde ein del vi måtte gjere betre.  Vi har jobba på tvers av avdelingar og sett i verk ei rekkje tiltak, blant anna med registrering og styring. Det er godt å sjå at vi har tatt dei riktige grepa. Vi kjem til å halde fram med desse tiltaka  og jobbe vidare med sepsisforløpet. Denne prosessen har styrka samarbeidet på tvers. Det viser òg at vi tenker riktig med den nye mottaksmodellen, seier Taule.
 
Klinikkdirektør Lars Birger Nesje på Medisinsk avdeling samtykker. Han er imponert over arbeidet som er gjort. 
- Sjukehuset har stor fagleg kompetanse på sepsistilstandar, og det er oppmuntrande at fokusering, standardisering og samarbeid kring mottaksfunksjonen alt har gitt synlege resultat, seier han.

Nesje understrekar samtidig, til liks med Eivind Hansen, at det er viktig ikkje å sleppe opp sjølv om ein no har fått merkelappen «Best in Class».

-Det er alltid rom for å bli betre, og det kan vere fint å ha ein ny gjennomgang om eitt års tid når den nye mottaksmodellen er heilt oppe og går og har fått sett seg i organisasjonen, seier Nesje.