– Det er svært gledeleg at Haukeland ønsker å vere ein Sykkeldynamo. No er målet at dei skal inspirere andre og sjølv la seg inspirere av dei som kjem til i nettverket av Sykkeldynamoar, sa sykkelsjef Einar Grieg i Bergen kommune då administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus Eivind Hansen mottok beviset på at sjukehuset no er blitt sykkeldynamo-bedrift.
- Vi ser frem til å samarbeide, og vil satse vidare på dette, for sykkel er eit viktig framkomstmiddel til og frå sjukehuset, seier Eivind Hansen.
Du kan lese meir om sykkeldynamo-prosjektet på sykkelbyenbergen.no sine nettsider.