Har funne den genetiske årsaka til ny hudsjukdom

Saman med Sør-afrikanske kollegaer har forskarar i Bergen og Oslo oppdaga ein ny sjukdomsmekanisme som aldri tidlegare er sett ved hudsjukdommar. Funnet kan ha framtidig betydning også for genetisk kartlegging og behandling av vanlege hudsjukdommar.

Forskargruppa ved MedGen som har bidratt i arbeidet. Frå venstre Vidar Martin Steen, Torunn Fiskerstrand, Tomasz Stokowy og Bjør
Forskargruppa ved MedGen som har bidratt i arbeidet. Frå venstre Vidar Martin Steen, Torunn Fiskerstrand, Tomasz Stokowy og Bjørn Ivar Haukanes.

- Det dreier seg om den sjeldne kroniske hudsjukdommen KWE,  der pasientane heilt frå dei er små opplever gjentatte utbrot kor huda i handflater og fotsolar vert raud, for så å skale av, fortel overlege Torunn Fiskerstrand ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin (MGM) på Haukeland universitetssjukehus.

Fiskerstrand har leia genjakta og ho er sisteforfattar på ein artikkel som torsdag blir publisert i American Journal of Human Genetics, eit leiande tidsskrift for medisinsk genetikk.

Les artikkelen i American Journal of Human Genetics

Ville finne den genetiske årsaka

Ifølge Fiskerstrand kan utbrota som pasientane får bli trigga av temperaturforandringar, fuktigheit og visse medisinar. Pasientane har ingen andre symptom. Tilstanden er spesielt hyppig i Sør-Afrika, der om lag 1/7000 personar  er ramma, og alle desse stammar frå ein fransk sjøkaptein som innvandra på 1700-talet.
- I Sør-Afrika har dei forsøkt å finne årsaka til tilstanden i 25 år, men det har vore vanskeleg, fortel Fiskerstrand.
- Dei gav tilstanden namnet keratolytisk vinter-erythem (KWE), fordi mange opplever å bli verre om vinteren.

Ved Oslo universitetssykehus hadde hudlege Jan Cezary Sitek fleire pasientar med ein liknande tilstand, og i 2011 kontakta han Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin på Haukeland for å prøve å finne den genetiske årsaka.

Ny teknologi gav svar

- Vi fann relativt fort ut at at pasientane delte eit genområde på kromosom 8, det same området som dei Sør-afrikanske pasientene også delte. Altså visste vi at genfeilen måtte finnast her, fortel  Fiskerstrand.
Problemet var berre det,  at Sør-Afrikanarane hadde undersøkt gena i området i detalj utan å finne ein genfeil.

Uavhengig av kvarandre  tok den norske og ei  Sør-Afrikansk  forskargruppe i bruk ein ny sekvenseringsteknologi (genomsekvensering) for å finne den genetiske årsaka til KWE.

- Vi fann ikkje feil i eit gen, men derimot ei fordobling av DNA i eit område som er rett utanfor eit gen som heiter CTSB, fortel Fiskerstrand.

Dette området har med genreguleringa av CTSB å gjere. Det vil seie  at fordobling av DNA her fører til at CTSB blir «overaktivt» dersom pasientane med denne tilstanden blir utsett for til dømes temperaturforskjell eller fuktigheit på hender eller føter.

- Genet CTSB er viktig for modning og normal avskaling av hudceller, forklarer Fiskerstrand.

- Vi tenker oss derfor at denne prosessen er ute av kontroll hos pasientar med KWE.

Ny behandling

Å identifisere feilregulering av CTSB-genet som årsak til hudsjukdommen KWE opnar for at forskarane kanskje kan finne behandling som verkar. Det finst nemleg kjente hemmarar av CTSB-genet, og ein kan derfor prøve å behandle tilstanden med ein krem som inneheld slike hemmarar.

- Det kan også tenkast at andre hudsjukdommar som har tilbakevendande utbrot av symptom, kan ha tilsvarande mekanisme for sjukdom. Det vil seie at pasientane kan ha feil i område som er viktige for reguleringa av eit gen, i staden for feil i sjølve genet, seier Fiskerstrand.

I så fall kan denne sjukdomsmekanismen ha betydning når det gjeld genetisk disposisjon for vanlege hudsjukdommar som til dømes atopisk eksem og psoriasis. Dei nye sekvenseringsteknikkane opnar for at vi no kan undersøkje den store delen av vårt DNA (ca 98.5 prosent) som ikkje kodar for gener, men vi har berre så vidt begynt å forstå korleis genfeil i dette ikkje-kodande DNA påverkar disposisjon for sjukdomar.