Vi ber deg ta kontakt med den aktuelle avdelinga eller poliklinikken du har avtale hos om:
- du har time hos oss på poliklinikk eller skal innleggjast
- OG har vore på reise i utlandet dei siste to vekene
- ELLER har vore i nærkontakt med personar du veit har fått påvist koronasmitte
Ring den aktuelle avdelinga eller poliklinikken du har avtale hos FØR du kjem til sjukehuset, for meir informasjon.
Vi må prioritere dei sjukaste
Korona-pandemien utfordrar sjukehuset. Fleire og sjukare pasientar krev strengare prioritering.
Skal du ha ein planlagt operasjon, kan den bli utsett. Har du time på ein av poliklinikkane våre, kan du få tilbod om konsultasjon med lege over telefon eller video. Utsetjingane vil skje etter ei fagelg vurdering.
Vi kontakter deg
Alle som blir berørt av utsetjing, vil bli kontakta av sjukehuset og får beskjed om korleis dei skal forhalde seg vidare. Gjeld dette deg, blir du kontakta på telefon eller brev. Ikkje ring oss.
Les meir om prioriteringa og utsetjing av time
Avgrensa besøk og adgangskontroll
Vi har innført adgangskontroll på haukelandsområdet for å ivareta smittevern for pasientane våre. Under smittesituasjonen med koronaviruset må vi avgrense talet på besøkande.
Les meir om adgangskontroll på sjukehuset
Vi følgjer nasjonale føringar
Vi følgjer råd frå Folkehelseinstituttet når det gjeld utsetting og prioriteringar av planlagd aktivitet på sjukehuset.
Les meir om tiltak i spesialisthelsetenesta (fhi.no)