Har behandla 100 pasientar for hepatitt C

Avdeling for rusmedisin sitt forskingsprosjekt med integrert hepatitt C-behandling for LAR-pasientar har no behandla 100 personar, og dei aller fleste av desse er i ferd med å bli virusfrie.

Per Gunnar Gundersen (frå venstre), Lars Thore Fadnes, Maria Olsvold  og Ole Jørgen Lygren var alle med og markerte milepælen i hepatitt C-prosjektet nyleg.

- Dette er ein milepæl i arbeidet med å utrydde hepatitt C i Bergen, seier lege og forskingsleiar Lars Thore Fadnes.

Her kan du lese meir om forskingsprosjektet INTRO HCV

Frå 1. februar har alle pasientar som får oppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og med påvist hepatitt C, fått tilbod om behandling i poliklinikk. Kuren består for dei fleste av éin tablett om dagen i 12 veker.
95 prosent blir heilt friske, noko erfaringa etter 100 pasientar underbygger.

- Vi ser at barrieren for å oppsøke og å gjennomføre behandling er senka no når behandlinga er gjort meir tilgjengeleg, seier Vibeke Bråthen Buljovcic, leiar ved LAR Laksevåg/Fyllingsdalen og koordinator for forskingssjukepleiarane som jobbar i prosjektet.

- Nesten alle som har fått behandling så langt er i ferd med å bli virusfrie. I tillegg har vi kartlagt ytterlegare 300 personar. Vi forventar at litt over hundre fleire pasientar i LAR vil trenge behandling utover dei som er behandla per i dag.

- Når så mange blir behandla parallelt, går også smittepresset ned, legg Fadnes til.

Mange har venta lenge

Måndag vart milepælen markert med kake hos Avdeling for rusmedisin på Murhjørnet. Til stades var tilsette frå både LAR-poliklinikkane og Strax-huset, i tillegg til Fadnes og leiar av brukarorganisasjonen proLAR-Nett, Ole- Jørgen Lygren. Lygren er sjølv ein av dei som har vorte kurert for hepatitt C med behandlinga som no blir tilboden ved poliklinikkane.

- Brukarorganisasjonane har kjempa for dette i årevis, seier han.

- Det er veldig mange som er glade for at dei no endeleg får behandling.

I Bergen blir det antatt at halvparten av dei om lag 800 pasientane som får oppfølging med LAR har kronisk hepatitt C.

Stor helsegevinst på sikt

For LAR-pasientar over 50 år er leversjukdommen ei like viktig dødsårsak som overdose, i tillegg til at hepatitt C forårsakar mange alvorlege helseplager. Likevel vart det i ein norsk studie frå 2016 funne at berre 14 prosent av dei som mottar legemiddelassistert rehabilitering med kronisk hepatitt C hadde fått behandling for dette.
Noko av årsaka er at behandlinga har vore krevjande å gjennomføre. Inntil for to-tre år sidan var det ein samanhengande behandlingsperiode på opp mot eitt år. Behandlinga gav hyppige og til dels alvorlege medikamentbiverknader.

- Behandling av hepatitt-C er eit viktig tiltak for å betre LAR-pasientane sin generelle helsetilstand, seier Bråthen Buljovcic.

- Det vi får til no er utruleg positivt for pasientane våre, med stor helsegevinst på sikt.