Grøntareal i oppveksten viktig for vaksen lungehelse

Barn som veks opp nær grøntområde har mindre lungeplager i vaksen alder enn barn som er eksponert for forureina luft.

Det er ein av dei foreløpige konklusjonane i ein internasjonal lungehelsestudie som er leia frå Haukeland. Studien vart presentert på Europas største lungehelsekonferanse i Paris sist veke.

Følgjer generasjonar over tid

- Vi kan mykje om korttidseffektane av å bli utsett for luftforureining, men det er forska lite på effektane på lang sikt, seier lege og forskar Ingrid Nordeide Kuiper ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

-Det som er unikt med denne studien er at vi følger fleire generasjonar over tid, og derfor kan vi sjå langtidseffekten av eksponering for forureina luft.

Kuiper understrekar at sjølv låge nivå av luftforureining kan vere skadeleg på lungehelse over tid.

– Vi har sett at det er snakk om betydeleg lågare nivå enn dei årlege grenseverdiane som EU har sett, fortel ho.

Over 5000 deltakarar

Kuiper har vore med på å analysere data for over 5000 deltakarar frå sju land.

- Vi har sett på kor mange som hadde meir enn tre luftvegssymptom i løpet av det siste året, alvorlege pipelydar i brystet og astmadiagnose etter fylte 10 år, fortel ho.

Forskarane har også kalkulert gjennomsnittleg årleg eksponering for tre av dei viktigaste stoffa som er årsak til luftforureining, frå barnas fødsel til fylte 18 år.

- For same tidsperiode har vi også rekna ut gjennomsnittleg årleg eksponering for «greenness», definert som grøntareal i ein 100-meter sone rundt heimeadressa til barna, seier Kuiper.

Kuiper meiner funna er viktige, men understrekar at dei må analyserast vidare før forskarane kan kome med ein endeleg konklusjon.

Aukar kunnskapen

-Det er likevel grunn til å tru at det vi har funne ut vil auke kunnskapen vår vesentleg om langtidseffekten av luftforureining og «greenness» på lungehelse, påpeikar ho.

- Dette vil gjere at legar, forskarar og politikarar kan sjå den store tydinga forureina luft og tilgangen på grøntareal har for folkehelsa, og ut frå dette gjere det mogleg å forbetre. Med den forventa befolkningsveksten i åra som kjem vil det vere avgjerande å inkludere mål om lågare luftforureining, i tillegg til å auke talet på grøntareal i framtidige byplanlegging og regulering. 


I framtidige analysar skal forskarane inkludere fleire senter når meir data ligg føre, i tillegg til å sjå på effekten av eksponering for luftforureining og grøntareal på tvers av generasjonar.


Meir om studien:

RHINESSA (Respiratory Health in Northern Europe, Spain and Australia) er ein stor internasjonal studie som forskar på lungehelse hos barn og vaksne i 7 land. Studien har i tillegg informasjon om eksponering for luftforureining og kor nært deltakarane bur grøntareal («greenness») frå fødsel til og med vaksen alder.  Studien har analysert «greenness»-data for 5415 deltakarar (18-52 år) frå dei følgjande RHINESSA-sentra Bergen (Norge), Umeå, Uppsala, Gøteborg (Sverige), Tartu (Estland), Reykjavik (Island), i tillegg til luftforureiningsdata for 4414 deltakarar frå sentra i Bergen, Umeå, Uppsala og Gøteborg.
Ane Johannessen er hovedveileder for Kuiper og medveiledere er Cecilie Svanes og Thomas Halvorsen.