Grønt beredskapsnivå på KK

Koronapandemien og smitteutviklinga i samfunnet har medført auka sjukefråvær blant tilsette på KK. Dei innfører derfor no grønt beredskapsnivå på Fødeavdelinga.

– Det er trygt å føde på KK. Vi er godt forberedt og har planar for ulike nivå som vi iverksetter ved stort sjukefråvær blant våre tilsette, seier Martha Svarstad Vadset, seksjonsjordmor på Føde A / Føde A Barsel ved KK.

– Vi prioriterer fødselshjelp og alle medisinske oppgåver og behandling. Ved stort sjukefråvær må vi redusere andre tilbod som individuelle pasientsamtalar og rettleiing, og vi må korte ned på barseltida på KK for friske barselkvinner og friske nyfødde. 

Vadset understrekar at ved tidleg heimreise, vil Fødeavdelinga sørge for å organisere oppfølging av mor og barn saman med heimkommunen slik at nødvendig screening, blodprøver og øvrig oppfølging blir ivaretatt. Nokon vil få tilbod om poliklinisk oppfølging ved KK, og fleire kommunar har allereie etablert gode rutinar for denne oppfølginga, noko vi har gode erfaringar med gjennom fleire år.

Les meir: Informasjon til fødande under koronapandemien

KK har god informasjon om fødsel og barsel på helse-bergen.no. Vi råder kvinner og partnarar som venter barn om å besøke nettsidene for meir informasjon:

Filmar og informasjon til barselkvinner:

Informasjon til fødande

Fødeavdelinga på Kvinneklinikken og Voss Føde- /Barsel følger smittesituasjonen i samfunnet tett, og vurderer til ein kvar tid korleis dette påverkar besøksreglar og tilbod i avdelinga.
Her finn du oppdatert informasjon til deg som ventar barn
Foto: Jormor i fødestove

Informasjon til barselkvinner

Barseltida er tida frå rett etter fødselen og til kroppen er tilbake til førgravid tilstand og amminga er vel etablert. Her finn du gode råd til mor og barn.
Les meir om barseltida
Far, baby og mor ligger på madrass. Foto
Sist oppdatert 06.07.2023