Gode resultat for persontilpassa brystkreftbehandling

Gjennom studien Petremac har legar ved Haukeland funne ut at pasientar med hormonfølsam brystkreft får god effekt, færre biverknader og treng mindre inngripande kirurgi når dei får hormonbehandling i staden for cellegift.

Aas og Eikesdal med genanalysemaskina Illumina NovaSeq
Overlege Turid Aas i Kirurgisk klinikk og overlege og professor Hans Petter Eikesdal i Kreftavdelinga med genanalysemaskina Illumina NovaSeq som er sentral i Petremacstudien.

Med forskingsmidlar frå Grieg Foundation har legane ved Kreftavdelinga og Kirurgisk klinikk sett nærare på korleis dei kan gi pasientar med hormonfølsam brystkreft best mogleg behandling utan at dei må gjennomgå unødvendig og belastande cellegift og kirurgi.

Reduserer svulsten

- Pasientar med større kreftsvulstar får i dag primær medikamentell behandling (hormonblokkerande medikasjon eller cellegift) for å redusere kreftsvulsten, for så å få nødvendig kirurgi etterpå. Ved god effekt av medikamentell behandling kan ein då unngå å fjerne heile brystet (brystbevarande behandling), og dessutan gjere skånsam kirurgi i armhola, seier overlege og professor Hans Petter Eikesdal ved Kreftavdelinga på Haukeland.


Ved Haukeland får ca. 35 prosent av brystkreftpasientane primær medikamentell behandling før kirurgi, og sjukehuset har lang tradisjon med å tilby deltaking i forskingsprosjekt, der effekten av eit slikt behandlingsopplegg blir evaluert mot genetikken til brystkreftsvulsten.
 

Cellegift hjelper ikkje alle

- Tradisjonelt har det vore vanleg å gi alle pasientar med store kreftsvulstar i brysta cellegift før kirurgi, men mange pasientar med hormonfølsam brystkreft har dårleg effekt av cellegift, og cirka halvparten av desse pasientane får tilbakefall av kreftsjukdommen innan 15 år etter operasjonen. Dessutan får mange seinskadar på grunn av cellegiftbehandlinga, og mange blir gjerne varig arbeidsuføre, opplyser Hans Petter Eikesdal.


Byte ut cellegift med hormonbehandling

Gjennom studien Petremac fekk utvalde pasientar med hormonfølsam brystkreft hormonbehandling i staden for cellegift, basert på genanalysar i vevsprøvar tatt før og under behandlinga. Det blei gjort komplett genanalyse av kreftsvulstane for å kartlegge om bestemde genfeil i svulsten kunne forutseie respons eller mangel på respons på hormonblokkerande behandling allereie før denne var starta.


- Dessutan ville vi prøve å skaffe oss kunnskap om kva svulstar der effekten er så god av hormonblokkerande behandling at vi trygt kan tilby mindre mutilerande kirurgi; det vil seie brystbevarande operasjon og uthenting berre av vaktpostlymfeknute frå armhola, seier overlege Turid Aas ved avdeling for bryst- og endokrinkirurgi ved Kirurgisk klinikk.


- Vi fann at 63 prosent av pasientane ikkje trong cellegift for å «skrumpa ned» kreftsvulsten, og desse pasientane hadde langt mindre biverknader enn dei som var cellegiftbehandlet, seier Eikesdal.


Gjennomførde heil-genomanalysar

Eikesdal fortel at dei basert på støtta frå Grieg Foundation har gjennomført heil-genomanalysar av dei ti mest interessante svulstane i gruppa av pasientar med hormonfølsam brystkreft. Resultata herfrå har medført at dei har ei komplett oversikt over dei genfeila som peikar på svulstar som responderer eller ikkje responderer på hormonblokkerande behandling.


Kan persontilpasse behandlinga

- Desse resultata kjem pasientane våre til gode, fordi vi i aukande grad kan persontilpasse brystkreftbehandlinga, og unngå cellegift hos mange pasientar. Publikasjonane frå dette arbeidet vil komme i løpet av dei neste par åra, når dataa er ferdig omarbeidd frå oss og frå samarbeidspartnarane våre i London. På grunn av den pågåande Covid-19 pandemien har vi opplevd at arbeidet både her og i UK har vorte noko forseinka. Vi jobbar no med å skaffe finansiering til analyse av resten av dei kreftprøvane frå Petremac-studien for å avklare om genfeil identifsert i dei første ti prøvane òg finst når vi analyserer resten av dei 78 pasientane med hormonfølsam brystkreft, seier Eikesdal.

Les meir om Petremac-studien