Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gitt avskjed og meld til politiet for urettkomne oppslag i pasientjournalar

Ein tilsett i Helse Bergen har gjort urettkomne oppslag i elektroniske pasientjournalar. Saka har eit betydeleg omfang.

Publisert 16.06.2022
Sist oppdatert 28.07.2022

​ - Vi ser svært alvorleg på saka. Den tilsette er gitt avskjed og meld til politiet, seier personal- og organisasjonsdirektør Odd Andrew Storetvedt.

Saka blir òg meldt til Statsforvaltaren og til Datatilsynet. Den tidlegare tilsette har gjort oppslag i dei elektroniske pasientjournalane utan å ha såkalla «tenstleg behov» for dette, det vil seie at oppslaga ikkje har samanheng med - eller er naudsynte for - at personen skal utføre jobben sin.

- Mistanken om urettkomne oppslag blei meldt i avvikssystemet vårt, og leiinga sette i gang ei systematisk undersøking av innsynsloggar. Desse dokumenterte på kva pasientar og til kva tidspunkt vedkomande hadde gjort oppslaga, og det blei då slått fast at den tilsette har gjort ei rekke grunnlause oppslag. Omfanget er stort, og vi kartlegg dette vidare, seier fagdirektør Marta Ebbing.

Fagdirektøren ber om orsak til dei pasientane som har blitt krenkte av urettkomne oppslag i pasientjournalane sine. 

- Vi vil kontakte dei pasientane vi no veit saka gjeld, og informere andre pasientar når vi har fått full oversikt over kven, seier Ebbing.

- Tilgang til pasientjournalar er avgjerande for at helsepersonell skal kunne utføre jobben sin, og vi må stole på at medarbeidarane våre ikkje misbruker denne tilliten, seier personal- og organisasjonsdirektør Odd Andrew Storetvedt.

- Vi vil ikkje spekulere i motivet til den tidlegare tilsette, men det er openbert at vedkomande har brote lovar og reglar som skal beskytte integriteten til pasientar. Dette ser vi svært alvorleg på, og har derfor gitt den tilsette avskjed og meldt vedkomande til politiet, seier Storetvedt.

- Eg er glad for at vi har rutinar som avdekker slike alvorlege brot. Vi må halde fram med god informasjon og grundig opplæring i lover, reglar og rutinar for å ivareta informasjonstryggleik og personvern. Både pasientar og tilsette skal vere heilt trygge på at vi ikkje tar lett på slike saker, avsluttar fagdirektør Marta Ebbing.

Ytterlegare informasjon om den tidlegare tilsette eller kor denne har jobba, vil ikkje bli oppgitt av personvernomsyn.

Kontaktperson: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander,  90 13 37 71
E-post: erik.vigander@helse-bergen.no​​