Gi mor og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at mor og barn får mest mogleg ro og kvile. Av hensyn til dette har KK endra besøksprakis slik at slekt og venner må vente med besøk til mor og den nyfødde er komen heim.

Barn sover på brystet til far
 

– Vi erfarer at kvinnene som har fødd blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Ofte er slekt og venner sitt behov for å komme på besøk større enn den nybakte familien sitt behov rett etter fødselen, fortel jordmødrene på Kvinneklinikken.

KK endra praksis i sommar og ber slekt og familie om å ta omsyn til dette. Visittida på KK er no berre open for partnar til den fødande kvinna og eigne barn. Dersom mor er åleine med barnet, kan ho sjølvsagt velje fritt ein annan person som står henne nær.

Mykje besøk er krevande

Jordmødrene ser at besøk til kvinner i nabosengene, ofte er meir krevjande enn besøk til seg sjølv. Derfor tru dei det vil vere godt for alle om besøk til KK blir avgrensa til dei aller næraste, som er far/partnar og søsken til dei nyfødde.

– Når kvinnene har mykje besøk, blir tida for å få hjelp og rettleiing frå personalet mindre. Mor og barn treng tid for seg sjølve til å bli godt kjende med kvarandre og ha nok ro rundt seg til å komme i gang med amminga, eller for å bearbeide den sterke opplevinga som ein fødsel er.

Endringar rundt organiseringa av barselomsorgen, gjer óg at mange reiser heim tidlegare, ofte innan eit døgn, og får oppfølging frå jordmødre heime.

Visittid for dei næraste

– Då influensaepidemien herja, måtte vi av medisinske omsyn innføre liknande besøksrutinar. Mange av våre brukarar sette stor pris på dette, og ytra ønske om mindre besøk medan dei var hos oss.
Dersom besteforeldre eller andre er veldig ivrige på å sjå den nyfødde, og mor sjølv ønsker det, kan dei møtast nede i foajeen.

Visittid for fedre/partnar og søsken er som før
Kl. 17.00-20.00