Funn av multiresistent bakterie på Brannskadeavdelinga på Haukeland

 Sist fredag vart det påvist ein multiresistent variant av bakterien Acinetobacter baumannii hos fire pasientar på Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

 

Smittevernoverlege ved Haukeland universitetssjukehus, Dorthea Hagen Oma, seier denne bakterien ikkje er særleg farleg for friske personar med heil hud, og at det  førebels ikkje er nokon pasientar som er blitt sjuke av bakterien. - Men fordi brannskadepasientar er ei særskild sårbar gruppe for å få infeksjonar med denne bakterien, er tiltaka strenge for å hindra vidare smittespreiing, seier Oma.

Acinetobacter er ein bakterie som er vanleg førekommande i jord og vatn, men han kan også finnast på huda vår. Bakterien er ein kjent årsak til sjukehusinfeksjonar hos mottakelege pasientar, men gir nesten aldri infeksjonar hos friske personar.

Acinetobacter er allereie frå naturen si side motstandsdyktig mot ei rekke ulike antibiotika, og det gjer at infeksjonar med slike bakteriar kan vera vanskelege å behandle. Denne bakterie-varianten som no er funne i brannsår hos fire pasientar ved Haukeland, er førekjem sjeldan i Noreg og kom sannsynlegvis inn i sjukehuset via ein pasient som først hadde vore innlagt på sjukehus i utlandet.

Smittevernoverlege Oma fortel at det er sett i verk nødvendige smitteverntiltak for å hindre smitteoverføring.

- Vi har dessutan informert smittevernpersonell på alle sjukehusa på Vestlandet i tillegg til Folkehelsinstituttet i tråd med dei varslingsrutinane som er for slike tilfelle. Så langt kan vi ikkje sjå at andre er blitt smitta av bakterien, og vi håper at dei tiltaka som er sett i verk kan stoppe dette utbrotet, seier Oma.

Ein av dei smitta pasientane er flytta til ei anna avdeling på Haukeland, og ein annan til eit anna sjukehus. Desse blir følgd opp med gode smitteverntiltak. Det er derfor to smitta pasientar tilbake på Brannskadeavdelinga. Så langt er det ikkje gjort funn av bakterien på dei andre pasientane på avdelinga.