Fråveret i forbindelse med korona-epidemien er ei utfordring for sjukehusdrifta

Talet på tilsette i karantene og som er sjuke eller borte frå jobb på grunn av koronaviruset, utgjer ei stor utfordring for drifta av sjukehuset, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus.

Måndag 16. mars var talet på tilsette i karantene 371 av om lag 12.800 tilsette.
Av tilsette som har nytta Haukeland si eiga prøvetakingseining, er det så langt 7 (av totalt 255) som har testa positivt siste veka, inkludert helga. I tillegg kjem dei tilsette som har tatt prøver andre stadar enn på sjukehuset.

-Vi er no i ferd med å auke tilbodet om prøvetaking for tilsette. Vi har òg, etter avtale med Bergen kommune, anledning til å sende tilsette til Bergen legevakt for å få tatt prøve, opplyser Hansen.

Totalt hadde sjukehuset måndag 447 tilsette som av ulike årsaker knytt til koronaviruset, ikkje kunne stille på jobb.

- Dette utgjer ei stor utfordring for drifta av sjukehuset og vår evne til å yte forsvarleg helsehjelp, seier administrerande direktør Hansen.

Smittesporing og oppfølging

Tilsette som har hatt nærkontakt med dei som fått påvist smitte er informert og sett i karantene, opplyser Hansen.
- Pasientar som har vore i nærkontakt med dei smitta er orientert og følgt opp. Vi har etablert prosedyrar for smittesporing og oppfølging i sjukehuset ved bekrefta positiv pasient/tilsett med Covid-19.
Alle tilfelle av COVID-19 som Helse Bergen oppdagar eller diagnostiserer blir straks meldt til smittevernlege i heimkommunen. Smittesporing og oppfølging som gjeld forhold utanfor sjukehuset er bustad-kommunen sitt ansvar.

Unntak frå karantene

Sjukehuset har anledning til å gjere unntak frå karantenereglane for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde eit forsvarleg helsetilbod og ha tilstrekkeleg personell på jobb.

- Her er vi i ein situasjon der omsynet til smittevern og omsynet til kritiske delar av sjukehusdrifta vår må vurderast opp mot kvarandre, og dette er ei krevjande avveging, seier Hansen.

- Omsynet til å yte forsvarleg helsehjelp og sikre liv og helse må i heilt spesielle tilfelle gå framfor karantenereglane. Alternativet er å ikkje kunne yte pasientane den helsehjelpa dei treng.