Framtida må planleggast no

Det er ei rivande utvikling innan teknologi, behandlingsmetodar og dei forventningane pasientane har til tilbodet dei kan få på sjukehuset. Oppdraget vårt er å skape pasienten si helseteneste.

Collage med bilder fra sykehusmiljø. Foto
 

​Dersom det skal vere mogleg å møte dette på ein god måte, må vi sikre ein oppdatert og tydeleg strategi for dei kommande åra.

Helse Bergen HF er no i gong med å utforme ein strategiplan for tidsrommet 2018-2022. Parallelt med dette, skal vi lage ein utviklingsplan og arealplan med eit 10-15-årsperspektiv.

Alle avdelingane i sjukehuset, ulike yrkesgrupper, verneombod, tillitsvalde, representantar for pasientane og eksterne samarbeidspartar bidrar i arbeidet med planen.

Alle gode idéar og innspel er viktige!

Kva meiner du Helse Bergen HF bør gjere for å utvikle pasienten si helseteneste?

Send oss gjerne innspel til strategi@helse-bergen.no

Arbeidet med strategiplanen er forankra i Nasjonal helse- og sykehusplan og Helse 2035 i Helse Vest RHF og ulike regionale strategiar og fagplaner.