Framhevar godt samarbeid

I juni har 11 tilsette frå Black Lion Hospital i Addis Abeba, Etiopia,  hospitert ved Haukeland universitetssjukehus. Hospiteringa er ein del av prosjektet «Hjartekirurgi og kardiologi i Etiopia».

Gruppebilde hospitanter og ansatte. Foto
 

Så langt har Haukeland-tilsette vore i Addis i samband med prosjektet «Hjartekirurgi og kardiologi i Etiopia» fire gonger for å utføre hjartekirurgi, behandle hjartesjukdommar med utblokking og pacemaker- innlegging og drive opplæring.

No var det tilsette frå Black Lion Hospital sin tur til å komme til Bergen, noko dei har opplevd som lærerikt både når det gjeld fag og system.

Gode system

– Vi får vere med på både komplekse og  meir vanlege hjartekirurgiske  inngrep og vi får bruke høgteknologisk utstyr. Det er lærerikt. Like viktig er det å få eit innblikk i dei gode arbeidssystema i sjukehuset. Roller og ansvar er klarare definert, og det er ei meir spesialisert opplæring, seier Ayalew  Tizazu  Tamire, ein av to hjartekirurgar som hospiterer. Operasjonssjukepleiar Senait  Debel Korje samtykker.

– Her er det arbeidsbeskrivelser for kvar spesialitet innan sjukepleie, og det er mogleg å fordjupe seg. Ved Black Lion hospital gjer vi meir av alt, i ulike avdelingar.

Dei to er også imponerte over samarbeidet rundt pasientane.

– Her møtest de på tvers av fag og yrke for å diskutere pasientane. Det er meir samarbeid, som er til det beste for pasienten, fastslår dei.

Dei 11 Black Lion-tilsette har hospitert på Hjarte 4, Hjarteintervensjon / katlab, TIO, TKS og Fysioterapiavdelinga, og dei har hatt omvising på Medisinsk-teknisk avdeling.

Til hausten håper ein å få til ei tilsvarande hospitering med 6 nye kollegaer frå Black Lion Hospital.

– Alle utgiftene til reise frå Addis  og opphald i Bergen for dei som hospiterer er finansiert med eksterne prosjektmidlar, opplyser avdelingsdirektør ved Avdeling for internasjonalt samarbeid, Jon Wigum Dahl.

Følgjer opp pasientane i Addis

Professor Rune Haaverstad leier Hjartekirurgiprosjektet , som er eit samarbeid mellom Hjarteavdelinga, Avdeling for internasjonalt samarbeid og Kirurgisk serviceklinikk.

Han fortel at fem legar i hjarteteamet var tilbake i Addis Abeba ei veke i mai  for å utføre kat-lab prosedyrar og følgje opp pasientar frå tidlegare opphald. Legane tok ultralyd av hjartet, og undersøkte pasientane med blodprøver og vurderte klinisk status.

– Så å seie alle pasientane møtte opp til kontroll og alle som overlevde 30 dagar etter hjarteoperasjonen har hatt det bra i etterkant av inngrepet, fortel Haaverstad.

Ifølgje Haaverstad skal oppfølgingsprogrammet  fortsette og det er behov for å sjekke pasientane både for medikamentjustering og bruk av antikoagulasjon, blodtynnande middel med Marevan. 

Prosjektet held fram

Hjarteprosjektet har nært samarbeid med Linkøping Universitetssjukehus som utfører utblokking av mitralstenoser forårsaka av giktfeber, vesentleg hos unge menneske. I Noreg er det etablert eit viktig samarbeid med Hjarteavdelingane både ved Rikshospitalet og ved St. Olavs Hospital.

I november er det planlagt eit nytt  to vekers  opphald i Addis  for heile Hjarteteamet frå Hjarteavdelinga, KSK, Fysioterapiavdelinga og Medisinsk-teknisk avdeling. Rikshospitalet og St. Olavs Hospital vil også denne gongen delta i teamet.

– Det vil bli utført opplæring av eige personale, spesielt innan hjarteprosedyrar, i tillegg til direkte opplæring i prosedyrar av lokale legar, seier Haaverstad.

– Vi meiner det vil vere  nødvendig  å fortsette med opplæring i Addis Abeba i opptil 6-8 år, men med gradvis utfasing av innsatsen frå Noreg og ei tilsvarande opptrapping frå etiopisk side.

Ifølgje Wigum Dahl er planen også å kople prosjektet opp mot Haukeland sitt partnarsjukehus CMC i Vellore India i løpet av eit års tid.

– Slik vil vi legge til rette for vidare  «hands-on»  kompetansebygging  innan hjartekirurgi der for våre etiopiske kollegaer, seier han.

– Der vil dei kunne bu i vårt eige  «Haukeland House» på CMC campus under hospiteringa.