Frå døgn til dag til e-konsultasjonar

Spydspissar innan forsking og teknologi samla for å gje innspel til Utviklingsplan 2035 onsdag 4. april i Bikuben.

Gruppebilde fra møterom. Foto

Til tross for at det var langt ut på ettermiddagen var det høg energi rundt dei ulike borda i møterommet. Deltakarane kasta seg inn i diskusjonane om teknologi og medisinsk utvikling, trendar og mytar i helsevesenet. Engasjementet var stort!

  • Kva trendar i grenselandet teknologi / medisinsk utvikling kjem til å treffe oss sterkast?
  • Kva vil ha størst nytte og verdi for pasientane?

Dette var spørsmåla stødig møteleiar og direktør for forsking og innovasjon, Bjørn Tore Gjertsen, stilte forsamlinga.

Blant fleire utviklingstrekk var deltakarane einige om at genomsekvensering og DNA-diagnostikk kjem til å bli vanleg for dei aller fleste pasientane i løpet av dei neste 5 åra.


Store data

Med teknologisk utvikling kan vi jobbe raskare og gjere meir, men det betyr ikkje nødvendigvis at vi treng mindre ressursar. Ny teknologi skapar også forventningar, og store data krev meir i forhold til tolking og gransking av prøveresultata. Vi treng også teknologi som hjelper oss med å behandle og tolke data.

I åra som kjem vil enkelt utstyr som pasientane  brukar i heimane sine kunne levere data inn i våre journalsystem. Kva skal vi gjere med alle dataa, og korleis kan vi bruke det på ein smartare måte slik at vi kjem ut til pasienten i tide? Dette er noko vi må ta stilling til.

Vi kan ikkje kurere alt

– Vi vil kunne se dei minste detaljar i diagnostikk og behandling av pasientane. Vi må spørje: Kva er gevinsten? Meinte Panchakulasingam Kandiah, avdelingsoverlege på Radiologisk avdeling.

– Vi er ikkje udødelege. Det er greitt å vere litt sjuk og ha det litt vondt. Vi treng å satse meir på førebygging.

Det er viktig å organisere helsetenestane på ein måte som sikrar god bruk av ressursane og gode helsetilbod for pasientane. Teknologi- og forskarmiljøa peika på at det er for mykje silotenking. Nokon meinte at måten legane er organisert på bidrog til siloane og at det burde vore lettare å skifte arbeidsstad for legane. Andre peika på somatikk og psykiatri, og at ein må bryte ned dette skillet og ha eit heilskapleg perspektiv.

Dialog og kommunikasjon er særleg viktig i psykiatrien som ligg langt fram i forhold til å ta i bruk teknologi som verktøy i behandlinga. E-meistring har til dømes pasientar i alle aldersgrupper som har god nytte av enkel teknologi som chat og nettbasert behandling. Utviklinga går frå døgn til dag til e-helsekonsultasjonar.

Pasienten velkommen på laget

Pasientar og pårørande blir stadig meir «utdanna», og etter kvart vil pasienten kunne gjere testar sjølve, for eksempel infeksjonsprøver. Ekspertane vil gjerne at pasientar er godt informerte. Nokon sette det litt på spissen:  Det blir litt som når du skal kjøpe nye ski. Du brukar mykje tid på å studere utvalet på nett, og så vil du ha 15 minutt med ein som verkeleg kan det før du tar ei avgjerd.

Men korleis skal heimetesting og monitorering følgjast opp i helsevesenet? Kven har det medisinske ansvaret, og kor mykje av behandlinga skal helsepersonell sleppe frå seg?

Dette var nokre av spørsmåla som dukka opp under diskusjonen om potensialet ved meir desentralisert diagnostikk og brukarstyrt behandling. Spørsmål som med fordel kan løftast ut i offentlegheita meinte administrerande direktør Eivind Hansen med ei klar oppmoding til deltakarane på møtet:

– De må delta i samfunnsdebatten om utviklinga av helsetenestetilbodet!