Første runde med høyringssvar til Utviklingsplan 2035

Den 6. juli gjekk første fristen ut for å sende høyringssvar til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen. Fristen gjaldt universitet, høgskolar og andre sjukehus og føretak i regionen inkludert dei private/ideelle.

Haukeland universitetssjukehus. Flyfoto
 

​Fleire hadde nytta moglegheita til å kome med innspel og tilbakemeldingar. Sjå høyringssvar lenger ned.

– Vi har so langt fått inn konstruktive og nyttige høyringssvar til vårt utkast til utviklingsplan, og desse skal vi ta med i det vidare arbeidet, seier viseadministrerande direktør Clara Gjesdal.

Dei har også fått innspel frå legeutvalg, sjukepleiefagleg råd og andre i tida etter at utkastet blei sendt ut på høyring 23. mai.

– Vi har fått verdifulle innspel frå medarbeidarar, og vi tek framleis imot fleire, presiserer Gjesdal.

Har du tankar eller innspel til Utviklingsplanen?

Send dine innspel til prosjektleiar Ingvild Sunde på e-post ingvild.sunde@helse-bergen.no

– Når vi har fått alle høyringssvara, kjem vi til å gå gjennom innspela og gjere justeringar i planen fram mot endeleg Utviklingsplan for Helse Bergen HF. No ventar vi på høyringssvara frå kommunane. Fristen for innspel går ut 24. august. 

Innkomne høyringssvar per 6. juli

Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet (pdf) Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Senter for ernæring og Programutvalg for ernæring (pdf) Sjukehusapoteka Vest HF (pdf) Sykehusinnkjøp divisjon Vest HF (pdf) Helse Førde HF (pdf) Lindås kommune (pdf)

Meir om Utviklingsplan 2035

  • 01.10.2018
    Utviklingsplan 2035 vedtatt av Styret i Helse Bergen

    Fram mot 2035 skal sjukehuset ta hand om ei aldrande befolkning og ei sjukdomsutvikling som blant anna er prega av auke i samansette lidingar. Utviklingsplan 2035 peikar retning og viser kva grep vi må gjere.

  • 09.07.2018
    Første runde med høyringssvar til Utviklingsplan 2035

    Den 6. juli gjekk første fristen ut for å sende høyringssvar til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen. Fristen gjaldt universitet, høgskolar og andre sjukehus og føretak i regionen inkludert dei private/ideelle.

  • 28.05.2018
    Utviklingsplan 2035: Tid for høyring

    Helse Bergen lagar for tida sin første Utviklingsplan, slik som alle dei andre helseføretaka i Noreg. Vi skal gje eit samla bilde av utviklinga fram til 2035 og konkretisere kva grep vi må gjere for å møte framtidas behov og utfordringar. H...

  • 16.04.2018
    Frå døgn til dag til e-konsultasjonar

    Spydspissar innan forsking og teknologi samla for å gje innspel til Utviklingsplan 2035 onsdag 4. april i Bikuben.

  • 22.03.2018
    Sjukehus 24/7

    Slik førebur vi oss på framtida: Å tenkje organisering og arbeidsprosessar når vi byggjer nytt, endra opningstider, førebygging, eit forvaltningsnivå og sist, men ikkje minst - ha tru på pasienten! 

  • 08.02.2018
    – Vi må dempe befolkningas behov for helsetenester

    Det var samhandlingsekspert Daniel Haga sin hovudbodskap til tilsette i kommunar og sjukehus då Helse Bergen og Haraldsplass diakonale sykehus saman hadde invitert til arbeidsmøte tysdag.

  • 04.02.2018
    Korleis blir framtidas sjukehus?

    Ved Haukeland universitetssjukehus jobbar ei prosjektgruppe med sjukehuset sin utviklingsplan fram mot 2035. Kva er ein utviklingsplan og kvifor treng vi det?

  • 23.03.2017
    Framtida må planleggast no

    Det er ei rivande utvikling innan teknologi, behandlingsmetodar og dei forventningane pasientane har til tilbodet dei kan få på sjukehuset. Oppdraget vårt er å skape pasienten si helseteneste.