Forskingspris til Lars Thore Fadnes

Professor Lars Thore Fadnes i Avdeling for rusmedisin er vinnaren av Bergen kommunes Forsknings- og innovasjonspris 2020.

Fadnes får prisen for leiinga av INTRO-HVC-prosjektet, eit forskingsprosjekt om integrert behandling av hepatitt C hos LAR-pasientar. Prosjektet har vist at eit vesentleg høgare tal pasientar startar i behandling ved å integrere behandling av hepatitt C med behandling i LAR, og eit høgare tal pasientar blir virusfrie.

Prisvinnar Lars Thore Fadnes

Prisvinnar Lars Thore Fadnes. Foto: Bergen kommune


Forskingsprosjektet er ein del av Avdeling for rusmedisin si forskingssatsing BAR (Bergen Addiction Research Group).

Her kan du lese meir om Bergen Addiction Research Group


Solid og langsiktig forsking

Priskomiteen legg vekt på at arbeidet Lars T. Fadnes leier representerer eit solid og langsiktig forskingsarbeid som kan ha høg overføringsverdi til andre grupper. Forskingsprosjektet har gitt auka forståing for kva effekt utforminga av helsevesenet og pasientbehandling har på behandlingsresultat – med lokal, nasjonal og internasjonal relevans.
Prosjektet gjer at Bergen både leier an nasjonalt og bidrar betydeleg internasjonalt når det gjeld korleis sjukdommen hepatitt C kan eliminerast ved hjelp av integrert behandling, heiter dei i grunngjevinga.

- Det er ei stor ære å få denne prisen på vegne av INTRO-HCV-prosjektet, uttaler Fadnes til Bergen kommune.

Her kan du lese heile saka


- Suksessen i prosjektet er i stor grad relatert til eit brennande engasjement frå dei involverte med Avdeling for rusmedisin, Haukeland Universitetssjukehus, Bergen kommune, Helse Stavanger, Universitetet Bergen og brukarorganisasjonen proLAR Nett i spissen. Det har vore utruleg kjekt å vere med og leie denne dugnaden.


Her kan du sjå når Fadnes får prisen og fortel om forskinga si