Forskar på korona og unge vaksne si psykiske helse

Forskarar skal no samarbeide for å kartlegge og betre forstå unge vaksne si psykiske helse under koronapandemien.

Gjennom ei nasjonal undersøking blir studentar inviterte til å delta i forsking om koronapandemien og korleis han påverkar dei unges psykiske helse.

- 2020 vil bli ståande som det året der samfunnet vårt blei ramma av den største virusepidemien vi har stått overfor i dette hundreåret. Tiltak som mange av oss aldri har opplevd, er blitt innførte for å beskytte oss, og spesielt dei mest sårbare blant oss. Frå den eine dagen til den neste, blei sosial omgang, undervisning – heile kvardagen vår forandra, seier Gerd Kvale som er professor i klinisk psykologi og leiar for Bergen Center for Brain Plasticity ved Haukeland universitetssjukehus.


Ho fortset:
- Unge vaksne er i risikogruppa for å utvikle psykiske lidingar. Vi veit at dramatiske hendingar kan bidra til auka samhald, meistring og auka motstandsdyktigheit. Men vi veit også at slike hendingar kan gi auka risiko for angst, depresjon, einsemd og andre psykiske lidingar.


Nasjonal undersøking

No står Kvale og Bergen Center for Brain Plasticity saman med  Senter for Krisepsykologi ved Universitetet i Bergen i spissen for ei nasjonal undersøking blant unge vaksne, der målet er å kartlegge både meistring, motstandsdyktigheit og psykisk helse på kort og lang sikt i kjølvatnet av koronaviruset (CovID19).


Samarbeid

- Dette er eit breitt samarbeidsprosjekt mellom Det medisinske fakultet, Det psykologiske fakultet, Haukeland universitetssjukehus, Høgskolen på Vestlandet, Norment og Rådet for Psykisk Helse, fortel Gerd Kvale.
Undersøkinga heiter «bry.deg 2020», og rettar seg mot studentar i heile landet.


Minister oppfordrar til deltaking

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim synest ei slik undersøking er eit godt initiativ for å finne ut meir om kor mykje og korleis situasjonen no påverkar unges psykiske helse.

- Det vil gi oss viktig informasjon og hjelpe oss til å sjå om det er noko heilt konkret vi bør gjere framover. Derfor vil eg nytte anledninga til å oppfordre alle som får moglegheita til å delta i undersøkinga, seier Asheim til Khrono (nyheitsavis for høgere utdanning og forsking).


Les meir i Khrono:
Vil sjekke studenters helse under og etter koronakrisen