- Han
får denne prisen for sin fantastiske formidling om musikk og hjernen - både på
Hjernerådets store møter i Oslo og ein rekkje andre møter rundt om i landet, seier
leiar for Norsk nevrologisk forening, Anne Hege Aamodt.
-
Geir Olve har ei unik evne til å vise korleis musikken og dens påvirking på
hjernen kan brukast terapeutisk til personer med hjerneskade eller
hjernesjukdommar som Parkinsons og demens. Nyare forsking viser at det å lytte
til, eller spele, musikk påvirker fysiologiske prosesser i hjernen og kan vere
til hjelp i behandlinga av ulike sjukdommar. Geir Olve er veldig god til å
fortelle om desse prosessane.
Denne
prisen blir delt ut av Norsk nevrologisk forening til nevrologar som har formidla
nevrologi og hjernehelse på ein eksepsjonell måte. Tidlegare prisvinnare er blant
andre redaktør av Tidsskriftet for Den norske legeforeningen Are Brean,
suksessforfattaren Kaja Nordengen og Brage-prisvinnar Espen
Dietrichs.
Stolte
kollegaer
-
Geir Olve framstår som ein flott ambassadør for nevrofaget, han har bidratt til å
gjere ein større gruppe nysgjerrige på hjernen og hjernens funksjon. Vi jobber i
eit fag som lett kan bli oppfatta som litt vanskeleg tilgjengeleg, og Geir Olve
bidrar til å bryte ned desse stengslane, og hjelper til å halde fokuset på
hjernehelse i befolkninga, skryter sjefen for Nevrologisk avdeling, Petter
Schandl Sanaker.
Prisen vart delt ut under arrangementet Nevrodagane, torsdag 29. oktober.