Flyttar sjukehuset heim til barna

Tysdag var det offisiell opning av Barne- og ungdomsklinikken sitt nye tilbod «Avansert heimesjukehus for barn og unge».

Teamet i Avansert heimesjukehus består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri.

Koronapandemien sette rammene for opningsmarkeringa, som vart halden utandørs med få gjestar og god avstand. Det hindra ikkje at det vart ei flott feiring, ikkje minst fordi resten av Marie Joys' hus bidrog med vaiande flagg og hurrarop frå takterrasse og vindauga.

- Vi tar nye steg til beste for pasientane, sa administrerande direktør Eivind Hansen i si helsing til klinikken.

- Det er ei stor ære å få lov til å stå for den offisielle opninga av Avansert heimesjukehus – gratulerer så mykje med dagen!

Administrerande direktør Eivind Hansen var glad og stolt over å kunne klippe snora for Avansert heimesjukehus. – Vi tar nye steg

Administrerande direktør Eivind Hansen var glad og stolt over å kunne klippe snora for Avansert heimesjukehus. – Vi tar nye steg til beste for pasientane.

Fremmer det friske i barnet

Heimesjukehuset tilbyr behandling, pleie og oppfølging heime i staden for på sjukehus, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg. Tilbodet gjeld barn 0-18 år som tilhøyrer Helse Bergen sitt opptaksområde.

- Dette er ein dag eg har gleda meg til lenge, sa klinikkdirektør Ansgar Berg.

- Med dette tilbodet fremmer vi det friske i barnet, og vi betrar situasjonen for mange av barna ved Barne- og ungdomsklinikken, og familiane deira.

Her kan du lese kva BT skriv om Avansert heimesjukehus

Berg framheva også prosjektleiar Helle Laurvig Milde sin innsats for å få tilbodet på plass, og heile teamet som utgjer Avansert heimesjukehus.

Teamet i avansert heimesjukehus har fått sponsa leasing av to bilar av Haukelands venner og Barnekreftforeningen, som igjen har

Teamet i avansert heimesjukehus har fått sponsa leasing av to bilar av Haukelands venner og Barnekreftforeningen, som igjen har fått gode avtalar med Jæger sentrum.


- Her er det mange kloke hovud og varme hjarte, understreka han.

Berg retta også ein stor takk til ein engasjert klinikk, som har sett at dette er eit viktig tilbod å få på plass. Dei mange flagga rundt om kring på Marie Joys' hus, understreka oppslutninga rundt heimesjukehuset.

Det er stort engasjement for Avansert heimesjukehus på Barne- og ungdomsklinikken. Det viste igjen i vaiande flagg, muntre tilro

Det er stort engasjement for Avansert heimesjukehus på Barne- og ungdomsklinikken. Det viste igjen i vaiande flagg, muntre tilrop, song og applaus frå både takterrasse og vindauga på Marie Joys' hus under opningsmarkeringa.

Kva kan heimesjukehuset tilby?

Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det. Personalet består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri.
Heimesjukehuset kan blant anna tilby blodprøvetaking, sårstell, nedlegging av sonde, observasjon og vurdering, vektkontroll, rettleiing og opplæring og administrering av intravenøse
medikament.

Å fremme det friske i barnet og å oppretthalde kvardagen for heile familien, er blant hovudgrunnane til å satse på heimesjukehus. I tillegg viser erfaring at barn blir fortare friske heime.
- Kvaliteten er like god som på sjukehuset, og det å få vere heime betrar helsa og aukar livskvaliteten for heile familien, seier Berg.

Her kan du lese meir om avansert heimesjukehus