Dei nye lokala i Møllendalsbakken er snart klare for å ta imot dei tre einingane som skal halde til på same plassen, inkludert Bergen Center for Brain Plasticity som opnar til hausten.
Det nye «sambuarskapet» knyter klinikk og pasientbehandling tettare saman med forsking.
- Angst og depresjon er dei lidingane som er mest utbreidde og som kostar mest. Noko av det vi ønsker å få til med dette tette samarbeidet, er å sikre at helseføretak og universitet jobbar smidigare saman for å løyse nokre av dei største samfunnsutfordringane vi har, seier Bjarne Hansen som leiar Klinikk for 4-dagars behandling.
Gerd Kvale som leiar Bergen Center for Brain Plasticity, meiner denne nye måten å organisere arbeidet på, gir svært gode rammer for det dei skal gjere.
- Gjennom denne satsinga skal vi vere med å utgjere ein skilnad i behandlinga av angstlidingar og depresjon, seier ho.
Her kan du lese meir om dei tre einingane:
Bergen Center for Brain Plasticity Klinikk for 4-dagars behandlingSenter for krisepsykologi