Flest fornøgde i vest

Ei ny undersøking viser at det er flest fornøgde med digitale helsetenester i vest.

​52 prosent av innbyggjarane som er spurt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, som dekker sjukehusa i Helse Vest, svarer at dei er svært eller ganske fornøgde med dei digitale tenestene.

Hilde Christiansen

At innbyggjarane gir god respons på dei digitale løysingane vi har, understrekar kor viktig Alle møter-programmet er og har vore, meiner Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

– Det er hyggeleg å høyre at flest er fornøgde i vest. Det er ei viktig tilbakemelding som inspirerer til å halde fram med vidareutvikling av nyttige og viktige digitale løysingar for pasientane på Vestlandet, seier Christiansen.

Helse Vest ønskjer å vere ledande i den digitale samhandlinga med innbyggjarane, og ut frå undersøkinga kan det sjå ut til at vi er på rett veg. Likevel påpeiker Christiansen at vi har eit stykke igjen før vi kan seie at vi har fått på plass ein heilskapleg digital samhandling for pasientane.

– Sjølv om vi har utvikla gode digitale tenester til innbyggjarane i Helse Vest, har vi framleis eit ønske om at enda fleire skal vere tilfredse med tilbodet. Jo fleire innbyggjarar som er fornøgde med dei digitale tenestene, jo fleire tar dei i bruk. Det er eit godt utgangspunkt for å få fleire til å møte til timen og bli meir involvert, blant anna ved å finne informasjon om seg sjølv gjennom innsyn i eigen pasientjournal, seier ho.

Helse Vest er den regionen som tilbyr flest tenester til innbyggjarane sine på helsenorge.no, og fleire tenester er rett rundt hjørnet. Tenestene skal blant anna bidra til å redusere ventetida, og då er det nødvendig med god og føreseieleg planlegging, samt at pasientar nyttar dei timane dei får tildelt på sjukehusa. Dersom alle møter, går ventetida ned.

Om undersøkinga

Undersøkinga er gjennomført av TNS Kantar Gallup på vegne av Direktoratet for e-helse, der innbyggjarar i heile landet har blitt spurt kor fornøgde dei er med moglegheitene for digital kontakt med helsepersonell og tilgang til eigne helseopplysningar digitalt.

Les meir om undersøkinga i Dagens Medisin.