HELSENORGE

Fjerde vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar

Folkehelseinstituttet tilrår no at det blir gitt tilbod om ein fjerde dose til enkelte pasientar, som på grunn av sjukdom eller bruk av immundempade legemidlar har dårlegare respons på vaksinar samanlikna med friske personar. 

Desse har generelt høgare risiko for å bli alvorleg sjuke om dei blir smitta av koronaviruset. Det er difor tilrådt at personar i sårbare grupper får ein oppfriskingsdose som då blir deira fjerde dose. I dagens situasjon med auka smittepress i samfunnet, og ein svært smittsom virusvariant(omikron), er det auka risiko for at personar i sårbare grupper vert smitta og alvorleg sjuke. 

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, som alt har fått tre dosar koronavaksine, kan få si oppfriskingsdose mellom tre og fem månader etter tredje dose. Dette vil sikre at dei som er mest utsett blir betre beskytta. Kommunane er bedne om å leggje til rette for vaksinering med fjerde dose, og pasienter som får brev med tilbod om fjerde dose, må ta kontakt med kommunen der dei bur. Tilsette som fyller desse kriteria og ynskjer å få vaksina gjennom Helse Bergen sitt tilbod for tilsette er velkomen til det. De tilsette dette gjeld bes om å kontakte Bedriftshelsetjenesten i forkant av at dei bookar time til vaksinering (bht@helse-bergen.no eller 55973850).