Fire nye tilsette har fått påvist smitte

Laurdag fekk fire nye tilsette i Helse Bergen påvist smitte med koronaviruset, sars-CoV-2. Talet på tilsette i Helse Bergen som har fått påvist smitte siste tre døgn, er no sju.

​Dette vart klart om kvelden laurdag 5. september.
Smittesporinga for det siste tilfellet er ikkje heilt ferdig, men så langt er det fire nye pasientar som er sett i isolasjon i sjukehuset, og 16 nye tilsette som er sendt i karantene. I tillegg er dei siste fire tilsette med påvist smitte sendt i isolasjon.

Til saman har dei sju tilfella av smitte blant tilsette ført til at i alt 9 pasientar og 42 tilsette er råka av isolasjon eller karantene.

Dei tilsette med påvist smitte har hatt symptom, og har derfor testa seg.
- Seks av desse har truleg blitt smitta utanfor jobb, medan éin kan ha blitt smitta på jobb, seier Marta Ebbing, fagdirektør ved Haukeland universitetssjukehus.

–Situasjonen er ikkje kritisk, men vi følgjer den, og gjer tiltak slik at vi blir endå betre til å halde avstand, både mellom tilsette, og mellom tilsette og pasientar og eventuelle pårørande. Vi vil òg vurdere å stramme inn på besøk i sjukehuset.

Sjukehuset har også skjerpa smitteverntiltaka i Akuttmottak for å hindre smitte inn på sjukehuset.
- Det skal framleis  vere trygt for pasientar å kome på sjukehuset, seier Ebbing.