- Dei nasjonale kvalitetsindikatorane set oss på Haukeland i stand til å få ei god
oversikt over korleis dei mange helsetenestene vi leverer fungerar. Det er
viktig å vite at det vi tilbyr pasientane våre er godt nok. Når det nokre
gonger ikkje er det, gir kvalitetsindikatorane oss ein god anledning til å
forbetre tenestene våre, seier kvalitetssjef Stig Harthug ved Haukeland universitetssjukehus.
Dei fire nye indikatorane er:
Forekomst av helsetjenesteassosierte infeksjoner i norske
sjukeheimar
Postoperative infeksjonar etter innsetting av hemiprotese
(hofte).
Forbruk av breispektra antibiotika i norske sjukehus.
Avbrudd i tverfaglig spesialisert rusbehandling.
Du
finn alle resultata for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen på
helsenorge.no.
Totalt er det 109 nasjonale kvalitetsindikatorer ved denne publiseringa.
Helsedirektoratet held fram arbeidet med å utvikle nye nasjonale kvalitetsindikatorar - også innanfor kommunale helse- og omsorgstenester, hjerte/kar og antibiotika.