Festivalgåve til nyfødde

- Ønsket om å verne om dei små er til stades uansett kor ein er i livet sitt. Det synest eg er veldig fint.

To kvinner og en baby. Foto
 

Orda tilhøyrer Marianne Gjøsæther Litland, teamleiar og koordinator for barneansvarlege ved Familieambulatoriet og Kvinneposten på Tertnes, Avdeling for rusmedisin. På vegne av Familieambulatoriet kunne ho torsdag ta imot ei rørande gåve frå MO-senteret på Nesttun, nemleg «Velkommen til verda»-pakkar.

To kvinner ved vindu. Foto
Kvart år har MO-senteret ein musikkfestival for lokalmiljøet på Nesttun, leia av brukarar ved senteret.

Overskotet frå fjorårets festival ønskte brukarane å gi til barn fødd med abstinensar, og derfor valte dei å gi gåva til familiar som nyttar seg av tilbodet til Familieambulatoriet.

- Brukarar og tilsette har laga eigne nett som vi har fylt med mykje av det nyfødde og nybakte foreldre treng, fortel Sara Taraldsen ved MO-senteret.

- Her er ullbody, sokkar, hue, smokk, bleier, våtserviettar og leiker, blant anna.

Også då Familieambulatoriet opna for fire år sidan, fekk dei «Velkommen til verda»-pakkar. Den gongen var det ei kvinne i Åsane som tok initiativ til innsamling og fekk lokale forretningar med på laget.

- Vi veit at dette er noko som blir sett stor pris på, understrekar ei takknemleg Litland.