Felles innsats gir resultat

Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga har hatt effekt på talet på sjukehusinnleggingar i heile Helse Vest. Samtidig rustar sjukehusa seg for å kunne ta imot fleire pasientar, dersom situasjonen skulle endre seg.

Dei strengaste tiltaka som nokon gong er innførte i fredstid har no verka i rett over to veker. Tiltaka som blei innførte for å stanse korona-spreiinga i Noreg ser ut til å gi resultat. Kurva ser ut til å flate ut og sist veke var det 370 færre innlagde pasientar med koronavirus i Helse Vest enn estimert i prognosane.


Fram til 20. mars vaks det akkumulerte talet på sjukehusinnleggingar i Helse Vest med om lag 36 prosent kvar dag. Det er ei dobling omtrent annankvar dag og svarar til det veldig mange andre land i vesten opplever no for tida. I grafen under viser framskrivinga til og med fredag 27. mars med same vekstrate i lyseblått, vekstraten i mørkeblå viser det faktiske talet.

Graf over innlagte pasientar i Helse Vest

I lyseblå viser framskrivinga t.o.m. fredag 27. mars med same vekstrate som fram til 20. mars, i mørkeblå viser det faktiske talet. Det er verdt å merke seg at diagrammet viser summen av talet på innlagde pasientar hittil, og ikkje talet på innlagde pasientar per dag.

34 koronapasientar er utskrive frå Haukeland og Haraldsplass Diakonale Sykehus sidan pandemien starta.
Måndag var det totalt 18 innlagde pasientar i Helse Bergen, seks av dei får intensivbehandling. På Haraldsplass var det fem innlagde pasientar med COVID-19, éin av dei får intensivbehandling.

Administrerande direktør Eivind Hansen er glad for dei strenge tiltaka myndigheitene har innført for å avgrense smitten. Utan desse tiltaka ville det no vore ein stad mellom 450 og 500 innlagte pasientar med COVID-19 i Helse Vest, viser prognosar sjukehuset har utarbeidd.

- Det er viktig for oss å seie at vi er avhengige av tiltaka. Dei har gitt oss anledning til omstilling og til å tilpasse oss ein heilt ny situasjon, slik at vi no er langt betre rusta enn vi var i starten, seier han.

- Og enn så lenge ser det ut til at tiltaka verkar, vi har klart å flate ut kurva.


Riggar seg for større tilstrøyming

Sjukehusa i Bergen jobbar no tett saman for å bistå kvarandre når pandemien utviklar seg, for å sikre innbyggarane gode helsetenester anten dei er Covid-19 pasientar eller har andre sjukdommar. I pandemiplanen har sjukehusa lagt opp til ei trinnvis tilpassing av samla kapasitet i Bergensområdet. Dei tar høgde for ulike situasjonar, alt etter utviklinga av virusutbrotet.

Dersom sjukehusa mottar eit stort tal pasientar vil tiltaka i pandemiplanens trinn 2 tre i kraft. Samla for sjukehusa vil det vere om lag 100 innlagde pasientar før ei slik opptrapping skjer. Trinn 2 kan òg tre i kraft på eit tidlegare tidspunkt avhengig av kor mange pasientar som treng intensivbehandling.

Alle skal få eit godt tilbod

-Det er viktig at vi nyttar den totale kapasiteten ved sjukehusa i Bergen på best mogleg måte, og at også pasientar med andre sjukdommar får eit godt tilbod. Ved mange samtidige pasientar ønsker vi å frigjere kapasitet til å behandle fleire Covid-19 pasientar. I trinn 2 blir alle Covid-19 pasientar samla på Haukeland, og Haraldsplass overtar andre akutt sjuke pasientar, fortel Hansen.

Han understrekar samstundes at sjukehusa foreløpig har god kapasitet, og at dei som er akutt sjuke må ta kontakt med helsetenesta.

-Dei pasientane som ikkje er Covid-19 pasientar skal også ha god behandling. Det er viktig at ingen ventar for lenge med å ta kontakt med oss, seier Hansen.