Feirar små mirakel

Laurdag kveld lyste masta på Ulriken lilla, i anledning Verdas prematurdag 17. november. Nyføddintensiv på Barne- og ungdomsklinikken er ikkje lilla, men også her blir dagen markert.

Nyfødd på mors bryst, kenguruomsorg
 

Prematurforeningen Hordaland er til stades i opphaldsstova på Nyføddintensiv frå 12 til 14 søndag. Også elles på avdelinga blir dagen via merksemd med enkel servering til foreldra og bamse til dei små.

Årleg blir det fødd om lag 4000 premature barn i Noreg, altså før 37. svangerskapsveke.  Nyføddintensiv på Barne- og ungdomsklinikken behandlar i hovudsak barn som er fødd før 34 svangerskapsveke, og nokre av dei er fødde ekstremt for tidleg, det vil seie før svangerskapsveke 28. 

Foreldrehender inne i kuvøse

- Dei barna som er mest ekstremt for tidleg fødde, treng avansert livreddande behandling, fortel intensivsjukepleiar Bente Johanne Vederhus.

- Dei vil ha behov for pustestøtte over ein lang periode og ligg på sjukehus dei første månadane av livet sitt.

Sjølv om det er for tidlig å sjå ein sikker trend, har Nyføddintensiv behandla færre av dei aller minste barna dei siste åra, dei med fødselsvekt under 1000 gram. 

- Det er svært bra for barna, seier seksjonsoverlege Hallvard Reigstad.

- Det er komplisert å bli fødd med fødselsvekt under 1000 gram. Sjølv om barn med høgare fødselsvekt også kan ha kompliserte tilstandar, er det stort sett mykje raskare forbigåande.

Liten fot i tepp, Nyføddintensiv

Nyføddintensiv tek imot sjuke nyfødde og for tidleg fødde barn frå føde- og barselavdelinga på Kvinneklinikken, og frå andre sjukehus. Avdelinga er ein døgnopen sengepost med 16 sengeplassar.

- Premature barn er sårbare og omsorga frå og samværet med foreldra er spesielt viktig, seier intensivsjukepleiar Vederhus.

Far hjelper mor med å gi kenguruomsorg
- Derfor er Nyfødtintensiv innretta mot familiebasert omsorg. Vi tilpassar omsorga til det enkelte barnet og foreldra, og rettleier og utdannar foreldra i å tolke barnet si åtferd og svare på signala det gir. Denne metoden styrker banda mellom forelder og barn, og støttar barnets naturlege utvikling.

Her kan du lese meir om det å ha barn på Nyføddintensiv

Visjonen er å ha foreldra mest mogleg til stades, og hindre separasjon mellom barn og foreldre.  Når Barne- og ungdomsklinikken og Kvinneklinikken flyttar inn Glasblokkene i 2023,  skal mor og barn ikkje lenger skiljast dersom éin eller begge er sjuke.

Her kan du lese meir om Glasblokkene

-Dette er det vi fagleg sett har lyst til å jobbe mot. Det vil også knytte ulike fag tettare saman, til beste for både foreldre og barn, understrekar Vederhus.